r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne

Kyrkja på høgfjellet

Eysteinkyrkja på Dovrefjell ligg godt synleg i terrenget. Foto: Mortendreier (CC BY-SA), via Wikimedia Commons

Skriv

Eysteinkyrkja på Dovrefjell står høgreist i den slake fjellsida rett ved Hjerkinn fjellstove.

Eysteinkyrkja frå 1969 har namnet sitt etter kong Eystein Magnusson. Historia skal ha det til at han bygde kyrkje i dette området på Dovrefjell allereie på 1100-talet. Det var her slitne pilegrimar på vandring til Nidaros søkte nattely i sælehuset ved kyrkja. På mange måtar vart det ein naturleg stoppestad. Slik er det òg i dag.

Eysteinkyrkja blir gjerne omtala som pilegrimskyrkje, som står ope på sommarstid. Men med vel 100 sitjeplassar, tek kyrkja imot både fjellfarande, anten dei er pilegrimar eller ei, eigen kyrkjelyd, turistar og bygdefolk.

Historisk grunn

Då den noverande kyrkja skulle byggjast, vart det reist spørsmål om kvar i landskapet denne skulle stå. Gamal og ny tid stod mot kvarandre. Det vart etter kvart klart at ho måtte ha ei viss tilknytning til den historiske grunnen, med mellom anna fjellstova på Hjerkinn og ferdselsruta til den gamle kongevegen over Dovrefjell som referansepunkt. I dag er det relevant å sjå plasseringa i ljos av at her møtest vegane frå Gudbrandsdalen, Oppdal og Folldal i eit vegkryss.

Modernistisk arkitektur

Kyrkjene som vart bygd frå midten av 1900-talet tok opp i seg strømningar frå internasjonal modernisme. Mange kyrkjer vart oppførd i betong, ofte med utradisjonelle formar og funksjonar. Eysteinkyrkja er nett slik; ho kan gje både eit moderne og eit noko massivt inntrykk med sitt skulpturelle ytre i betong. Likevel kviler det noko fredfylt og bestandig over bygget.

Kyrkja er teikna av Magnus og Anton Poulsson. Då Magnus Poulsson døydde nokre år før kyrkja stod ferdig, tok sonen Anton over arbeidet.

«I sitt uttrykk skal det være noe eget opphøyet over et gudshus. For innerst inne bærer det i seg alle tiders og slekters drøm om en himmel».

Som dette sitatet av arkitekt Magnus Poulsson over syner, meinte han at det skal vere noko opphøgt og heilagt over eit gudshus, det gjeld òg Eysteinkyrkja. Truleg har Poulsson latt seg inspirere av sjølve Dovrefjell og Snøhetta som ligg ruvande og majestetisk i det fjerne. Ein kan sjå at kyrkja ber profilen av Snøhettaformasjonen i seg; ho er oppført i støypt betong og med grunnplan som ei svakt vifteforma langkyrkje med saltak både over skip og kor, tak over tak.

Kontrast i tre og stein 

Inngangen er i frontgavlen. Mest som av to armar i betong, blir besøkande teke imot og ført inn i kyrkjerommet. Interiøret er så enkelt at det nesten kan virke litt nedskalert og veldig intimt i forhold til det utvendige. Her blir ein møtt av det ljose, med kvite murveggar, enkle benkar og furu både i golv og himling. Preikestolen og døypefonten er av kleberstein.

Interiøret er enkelt, og gjev eit lett og ljost inntrykk. Mellom kyrkjeskip og kor er det eit markant korskilje med tre djupe bogar. Foto: Atle Evensen, Kirkebyggdatabasen

Eysteinkyrkja er godt synleg i terrenget. Frå kyrkjebakken er det eit storslått vidsyn som dannar ei flott ramme rundt sjølve bygget. I samspel med naturen gjev denne fjellkyrkja rom for ro og ettertanke. Og kanskje draumen om ein himmel manifesterer seg her, akkurat slik arkitekt Poulsson ynskte.

Eysteinkyrkja sett frå baksida med utsikt utover Dovrefjell. Foto: Glenn Johansen 

Kjelder: