r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i april

MS «Fæmund II» - innfallsporten til Femundsmarka

Å sjå MS «Fæmund II» på den første turen for sesongen på Femunden, er eit sikkert teikn på at no er sommaren komen. Foto, 2010 (CC BY-SA): Mirko Junge, via Wikimedia Commons

Skriv

Skal du til Femundsmarka, kan ein tur med MS «Fæmund II» vere ein naturleg stad å starte. 

Rutetrafikk i lang tid

Kvart einaste år, heilt sidan 1905, har båten vore ein viktig del av livet ved Femunden. Han har frakta folk, fe og til og med bilar over innsjøen, tatt del i tømmerfløtinga, køyrt lystturar og forsynt dei som budde i området med post og varer.

Historia om rutetrafikken på Femunden starta likevel ikkje med Fæmund II i 1905, men går enno lenger attende i tid. Som du kanskje har skjønt på namnet, har båten ein forgjengar – Fæmund. Frå 1887 var det han som stod for trafikken. Men etter kvart vart det behov for ein større og sterkare båt.

«Udkast til jerndampskip for Fæmundsöen». Teikning av DS «Fæmund II», Ørens Mek. Værksted, 1904, Trondheim, via Wikimedia Commons

Ny båt med same namn

Sjølv om namnet Fæmund også vart brukt på den nye båten frå 1905, har det vore mange andre endringar i dei 130 åra som det har vore rutetrafikk på Femunden.

Medan «Fæmund» var eit treskip, var «Fæmund II» eit dampskip av jern: «et jernskib 84 fot langt, 17 fot bredt, 6 fot dyptgaaende 140 hk frit levert paa Røros jernbanestation. Pris 44.200 kroner.» Slik stod det i kontrakten.

Å frakte ein slik båt heilt frå Ørens Mekaniske Verksted i Trondheim og til Røros var ikkje enkelt. Han vart derfor frakta i delar med jernbanen til Røros, og vidare til Synnervika ved Femunden med hest der båten vart sett saman.

Seinare oppsto nye behov og det kom nye krav. Dette førte til fleire påbyggingar og ombyggingar. I 1958 vart den gamle dampmaskinen bytta ut med ein dieselmotor, og DS «Fæmund II» vart MS «Fæmund II». I 1980 fekk båten ny salong på øvre dekk med god utsikt og gode sitjeplassar, til stor glede for mange av dei reisande.

I 2012 fekk «Fæmund II» status som verna skip. Det inneber mellom anna at skipet skal takast vare på som det var på det tidspunktet.

MS «Fæmund II» på 1930-talet. Den gongen vart båten fyrt med ved. Kvar sesong gjekk det med 300 til 330 famnar. Foto: Thorleif Sandnes (Public Domain). Biletet er henta frå biletsamlinga Femundsmarka, Engerdal, Hedmark, frå Nasjonalbiblioteket, via Wikimedia Commons

Viktig rolle – både før og no

Det er ikkje berre sjølve fartøyet som har endra seg gjennom tidene. Det har også trafikkgrunnlaget på Femunden gjort. Tidlegare var tømmersleping og godstrafikk knytta til verksemda rundt Røros Kobberverk viktige inntektskjelder for selskapet. I dag er det persontrafikken som er den viktigaste inntektskjelda, sjølv om det framleis finst veglause busetnadar i området som får post og varer med båten.

I dag betyr femundsbåten svært mye for de som driver med turister; den er alfa og omega. Før i tida, da jeg var kaptein, ble alt av varer frakta med båten. Til Sømådalen var det for eksempel ingen vei, og alt de skulle ha kom med båten så lenge det gikk an å komme fram – nesten til jul. Det ble til slutt tjukk is inne i vika, så vi kom aldri helt inn de siste turene. Båten stanga seg innover så langt at isen til slutt var trygg å kjøre på med hest og slea. Så heiste vi varene over bord – mjølsekker, høybunter og anna – lassevis med varer. Det var butikk i Sømådalen, og den skulle forsynes med varer.” (Kristen Fæmundshytten f. 1920). 
Sitat frå «Om Femundsbåtene» av Amund Spangen

At Femundsmarka vart nasjonalpark i 1971, har vore viktig for turisttrafikken i området. Men om det er naturen rundt Femunden, eller om det er det flotte verna fartøyet som er trekkplasteret for alle dei som kvart år er passasjerar på MS «Fæmund II», må dei nesten svare på sjølve.

Kjelder:

Les meir om Riksantikvarens arbeid med fartøy her.

Foto: Dr. Mirko Junge (CC BY-SA), via Wikimedia Commons 

Slik såg MS «Fæmund II» ut i 2004. Foto: Dr. Mirko Junge (CC BY-SA), via Wikimedia Commons