r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Forum kino i Bergen freda

Forum kino. Foto: Frode Inge Helland (CC BY-SA), via Wikimedia Commons

Skriv

– Eit av dei fremste døma på monumental art deco-arkitektur i Noreg.

Forum kino i Fjøsangerveien 38 i Bergen er teikna av arkitekt Ole Landmark (1885-1970), ein av dei viktigaste arkitektane i Bergen i mellomkrigstida.

– Forum kino er unik i nasjonal samanheng og eit sjeldsynt døme på art deco-arkitektur i Noreg. Forum er godt bevart, og fredinga vil sikre dei nasjonale kulturminneverdiane til kinobygningen og samstundes leggje til rette for vidare bruk, seier riksantikvar Jørn Holme.

Kino frå 1946

Forum kino vart reist av Bergen kommunale kinematografer som del av eit nytt sentrum for dei sørlege bydelane i Bergen. Bygginga tok til i 1939, men på grunn av okkupasjonen vart kinoen først innvigd i 1946. Eit folkebibliotek vart bygd som del av kinoanlegget. Forum var i bruk som kino til 2005. Etter det er kinosalen mellom anna nytta til TV-sendingar og ulike sceniske oppsettingar.

Internasjonal kinoarkitektur

Både sjølve bygningstypen og det arkitektoniske formspråket gjer Forum til del av ein hovudretning i den internasjonale kinoarkitekturen i mellomkrigstida. Eit så tydeleg art deco-preg må reknast for meir sjeldsynt i norsk samanheng. Stilretninga art deco frå 1920- og 1930-talet er lite representert i Noreg.

Forum kino er godt tilpassa den trekanta tomta der Fjøsangerveien og Jonas Lies vei møtast i spiss vinkel. Kinosalen har fått ein vifteform som følgjer sidene i tomta, og ytst i spissen ligg inngangs-/billetthallen og vestibylen.

Forum kino er den einaste av dei eldre kinosalane i Bergen som er intakt. For tida er bygningen under oppussing i samarbeid med Hordaland fylkeskommune.

Forum kino i 1996. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren