r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Er kulturminnet freda?

Alle bygningar og andre kulturminne som er freda, er registrerte i Riksantikvarens kulturminnedatabase Askeladden. Dersom du lurer på om eit kulturminne er freda kan du undersøkje dette i Kulturminnesøk, som er publikumsutgåva til Askeladden.

Pissoaret i Stensparken i Oslo ble fredet i 2008.
Foto: Bård Langvandslien, Riksantikvaren

Kulturminnesøk

Delar av kulturminnedatabasen Askeladden er tilgjengeleg for alle på nettstaden www.kulturminnesok.no.

Kulturminnesøk inneheld faktainformasjon om bygningar og andre kulturminne, som til dømes vernestatus, datering, kva kommune dei høyrer til og kart. Til ein del av kulturminna i Kulturminnesøk kan du også finne bilete, lenkjer og anna relevant informasjon om kulturminnet.

Alle kan også registrere nye kulturminne som ikkje har ein offisiell status som freda eller verna i Kulturminnesøk.

Dersom du meiner at det er feil i dei registrerte opplysningane til eit kulturminne, til dømes at det ikkje eksisterer lenger eller at det er kartfesta på feil plass, kan du legge inn ein kommentar under det aktuelle kulturminnet i Kulturminnesøk.

Les meir om Kulturminnesøk her

Askeladden

Askeladden er Riksantikvarens offisielle database over freda kulturminne og kulturmiljø i Noreg, og er eit viktig arbeidsverktøy for kulturminneforvaltinga.

I tillegg til kulturminneforvaltinga, kan også andre brukargrupper som kan dokumentere eit behov for tilleggsinformasjon om kulturminne og kulturmiljø (som til dømes forskarar) få tilgong til databasen. Andre kan nytte Kulturminnesøk der ein finn den delen av Askeladden som er gjort tilgjengeleg for det allmenne publikum.

Askeladden har også tenester for deling av informasjon gjennom det opne API’et «Husmann» og WMS- og WFS-tenester.

Dersom du ønskjer meir informasjon om «dine» kulturminne, kan du ta kontakt med fylkeskommunen der kulturminnet høyrer heime.

Les meir om Askeladden her  

Matrikkelen og seeiendom.no

I eigedomsregisteret Matrikkelen kan ein også finne opplysningar om freda kulturminne på ein eigedom. Opplysningane i Matrikkelen er henta frå Askeladden.

I Kartverkets netteneste Se eiendom kan du sjå kva som er registrert i Matrikkelen om ein eigedom og dei bygningane/kulturminna som høyrer til eigedommen. Opplysningane kan til dømes sjå slik ut.          

I Matrikkelen og på miljostatus.no kjem det også fram om det finst såkalla SEFRAK-registrerte bygningar på eigedommen.

Les meir om Matrikkelen på nettstaden til Kartverket