r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Utviklingsnett: Kommune-Noreg og internasjonalt kulturminnearbeid

Dato: 13. april 2016 09:00 - 13. april 2016 16:00
Ansvarlig - navn: Tron Stranden
Påmeldingsfrist: 6. april 2016 00:00
Los palasset i Narol kommune i Polen. Foto: Riksantikvaren

I prosjektet «Heritage of My Environment» (HoME) har Riksantikvaren samarbeida med kommunar og lokalsamfunn i Polen og Noreg. Prosjektet har gitt større innsikt i korleis kommunar kan ta vare på kulturminne, for så å bruke desse til å skapa verdiar lokalt.

I prosjektet har ein og sett på korleis kommunar gjennom arbeidet med kulturminneplanar kan ta vare på kulturminne.  På seminaret i Bergen 13. april vil inspirasjonsboka frå prosjektet bli presentert, og representantar frå dei aktuelle kommunene vil fortelje om sine erfaringar.

HoME-prosjektet er berre eitt eksempel på eit omfattande og variert lokalt samarbeid over landegrensene. Kommune-Noreg deltar i dag aktivt på mange internasjonale arenaer, og utvekslar på denne måten kunnskap og erfaring over landegrensene.

På seminaret vil vi vise noko av breidden og variasjonen av dette samarbeidet, i fyrste rekke mellom lokalsamfunn i Europa, men også utanfor vår verdsdel.

Arrangementstad: Hotel Terminus, Bergen.

Lenke til påmeldingsskjema.