Sjeldan historisk gard freda

Riksantikvaren har freda Ormelid gard i Fortunsdalen, Luster i Sogn. Garden ligg omlag 450 meter over havet. Arkeologiske funn syner spor etter jordbruk på Ormelid 4000 år attende i tid.

Ormelid gard. Foto: Hans Olav Stegarud, Riksantikvaren
Ormelid gard, Luster i Sogn. Foto: Hans Olav Stegarud©Riksantikvaren

─ Det er ei stor glede for meg å kunne seie at Ormelid gard no er freda for ettertida, seier riksantikvar Jørn Holme.

 ─ Kjellaug og Erling Ormelid har gjort ein fantastisk innsats for å ta vare på garden for oss og for kommande generasjonar, og dette er ein stor dag for oss alle, seier Holme.

Søndag overrekte han fredingsdokumenta under programmet på Ormelid til ordførar Torodd Urnes og leiar i hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune Sissel Loen.  Han overrekte også fredingsdokumenta til Kjellaug og Erling Ormelid, syskenparet som har budd mest heile livet i Ormelid og representerer femte generasjon av familien som har budd på garden. Dei fekk Kongens fortenestemedalje i sølv i mai 2011. Kjellaug og Erling kunne av helsemessige årsaker ikkje delta i Ormelid denne dagen, men fekk møta Jørn Holme i bustaden deira på Luster omsorgsenter.

Kulturlandskapet på Ormelid syner samanhengen mellom buplass og driftsform. Her kan ein sjå vilkåra folk har levd under og korleis dei har brukt ressursane som var i naturen sidan forhistorisk tid. Fredinga omfattar steinstova, kårstova/herberget, stabburet, vedskjulet, driftsbygningen, turkehuset, Nedstestølen, Øvstestølen, deler av utmarka og ein del av innmarka.

Bakgrunn Ormelid gard
Ormelid gard fortel mange historier. Ormelid er ein høgdegard i Luster og tunet på Øvrelid ligg om lag 450 meter over havet. Det er heilt spesielt å finne ein gard frå forhistorisk tid så høgt over havet.

Den tidlegaste tida det var drift på Ormelid er dokumentert gjennom arkeoIogiske funn som har kunna datere den attende til år 2465 før Kristus. Ormelid er det eldste flerseterbruket som er kjent i Noreg. To av stølane er tidfesta til overgangen mellom vikingtida og middelalderen.

Vegen mellom Gudbrandsdalen og Sogn gjekk forbi Ormelid. Ferdselsvegen over fjellet kan vere opptil 3000 år gammel og fortel om kontakt mellom ulike delar av landet over lang tid.

 

Oppdatert 29. september 2011 © Riksantikvaren

Del denne saken

Nyheter

Kalender

aug september 2014 okt
  m t o t f l s
36 1 2 3 4 5 6 7
37 8 9 10 11 12 13 14
38 15 16 17 18 19 20 21
39 22 23 24 25 26 27 28
40 29 30
29. oktober 14Utviklingsnett: Kulturminneplaner i kommuner – nok en gang