Ei av Noregs første bilferjer freda

- Med fredinga av M/S Granvin vert ein viktig representant for Noregs maritime kulturarv teke vare på. Skipet er eit av særs få attverande bilferjer i Noreg frå tida då bilferdsla og utbygginga av eit moderne vegsystem enno var i emning, seier riksantikvar Jørn Holme.

M/S Granvin, Foto: Erik Småland©Riksantikvaren

M/S Granvin vart bygd for passasjer- og bilføring i det viktige riksvegsambandet mellom aust- og vestlandet gjennom indre Hardanger, og er difor også ein av våre eldste riksvegferjer. Skipet vart bygd på Mjellem & Karlsen verft i Bergen i 1931 og gjekk i drift for Det Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap fram til 1987.

Ferja kunne frakte 150 passasjerar og føre 3 bilar på dekket tvers over fjord og sund. Ettersom trafikken auka raskt gjennom Hardagner, vart M/SGranvin erstatta av eit større skip i 1938, men heldt fram med lokalruter i indre Hardanger og tok med bilar når det var nødvendig.

M/SGranvin køyrde same rute fram til 1987. Da vart rutetrafikken i indre Hardanger lagt ned etter opninga av tunell- og vegsambandet mellom Granvin og ferjeleiet i Bruravik. Året etter tok Veteranskipslaget Fjordabåten over ferja. Laget starta arbeidet med å restaurere M/S Granvin og bygde ho om til ei bilførande ferje, slik som ho var i utgangspunktet.

Krigstransportør

Den 9. april 1940 vart M/SGranvin rekvirert til troppetransport for norske soldatar. Blant anna sette skipet i land norske troppar i Ulvik før tyske okkupantar gjekk til åtak på staden.

Les fredingsdokumentet her

Oppdatert 09. november 2011 © Riksantikvaren

Del denne saken

Nyheter

Kalender

mar april 2014 mai
  m t o t f l s
14 1 2 3 4 5 6
15 7 8 9 10 11 12 13
16 14 15 16 17 18 19 20
17 21 22 23 24 25 26 27
18 28 29 30
18. mai 14Markering på Stenberg, hjemmet til eidsvollsmannen Lauritz Weidemann
21. mai 14Foredrag og vandring i det Trondheim som fantes i 1814
24. mai 14Grunnlovsmarkering på Nes jernverk
01. juni 14Åpning av pilegrimssesongen 2014
05. juni 14Utviklingsnett i Moss