1. Kva betyr SEFRAK?
![]() |
| SEFRAK-registrert driftsbygning i Kjeldejord, Lebesby kommune i Finnmark. Datering: ca 1930. Foto: Riksantikvaren |
SEFRAK er ei forkorting for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminner. Dette sekretariatet hadde ansvaret for ei landsomfattande registrering av eldre bygningar. Eit omfattande feltarbeid blei gjort i perioden 1975-1995, og registeret som vart oppbygd fekk namn etter sekretariatet. I dag er det Riksantikvaren som administrerer SEFRAK i samarbeid med fylkeskommunane.
2. Kvifor blei SEFRAK oppretta?
SEFRAK blei oppretta for å skaffe eit oversyn over den store mengda av potensielt verneverdige bygningar som ikkje hadde nokon form for lovvern. Registeret var også meint å vere ei kjelde til forsking på byggeskikk og lokalhistorie.
3. Kva slags bygningar er registrert i SEFRAK?
I utgangspunktet skulle alle bygningar (og restar etter bygningar) som var eldre enn år 1900 registrerast. I Finnmark vart
grensa for registrering satt til år 1945, for å fange opp alt som hadde overlevd krigsøydeleggingane. I ein del andre kommunar
(t.d. Ålesund og Tinn) vart
også grensa for registrering satt eit stykke inn på 1900-talet for å fange opp viktige lokale tidsskilje i bygningshistoria.
I alt er det registrert ca. 494.000 bygningsobjekt i SEFRAK, av dette er ca. 375.000 bygningar som framleis eksisterer. Det
tilsvarar ca. 10% av den ståande bygningsmassen i Norge.
4. Kva består SEFRAK-materialet i?
For kvart enkelt SEFRAK-objekt er det laga eit tosidig A4-skjema der det er fylt ut informasjon om lokalisering, funksjon og miljø, byggemåte, alder/ombyggingar m.m. I tillegg er det påmontert kopiar av foto som vart tekne ved registreringa, samt ei skisse av grunnplanet til bygningen. Originalskjema blir oppbevarte i dei enkelte fylkeskommunane, medan negativa til fotografi finst dels hos fylkeskommunane og dels hos Nasjonalbiblioteket si fotoavdeling i Mo i Rana. Tekstopplysningane frå skjemaet er også blitt behandla digitalt. Dei ligg i dag inne i Statens Kartverk sitt eigedomsregister Matrikkelen der dei er kopla mot andre bygningsdata.
Til eksempel på SEFRAK-skjema (pdf) »
5. Er alt som er registrert i SEFRAK verneverdig?
Nei, det er det definitivt ikkje. Registreringa vart gjort utelukkande etter alderskriterium, og det er difor med mange bygningar som er nesten heilt utan verneverdi sett frå ein kulturminneståstad. For å lette bruken av registeret i forvaltninga er det i enkelte fylke og kommunar foretatt ei vurdering av verneverdien til objekta. Dei blir då delt inn i tre klasser: A (nasjonal verneverdi), B (regional verneverdi) og C (liten eller lokal verneverdi) .
6. Kva restriksjonar inneber det at ein bygning er registrert i SEFRAK?
Det inneber ingen spesielle restriksjonar at ei bygning er med i dette registeret. Registreringa fungerer meir som eit varsko om at det bør gjerast ei vurdering av verneverdien før ein ev. gir løyve til å rive eller endre bygningen. For bygningar som er eldre enn år 1850, er det lovfesta at ei slik vurdering må gjerast før ein bygge- eller rivingssøknad blir avgjort. Det er likevel mogleg for kommunen å gje rivingsløyve sjølv om kulturminnemyndigheitene tilrår vern.
7. Er huset mitt registrert i SEFRAK?
Dette kan du sjekke på miljødirektorata si teneste ”Miljødata på kart”. Informasjon om SEFRAK er tilgjengeleg der.
Kryss av for SEFRAK under ”kulturminner” og zoom deg inn på kartet. Raud trekant symboliserer eit meldepliktig SEFRAK-bygg, medan dei andre ståande SEFRAK-bygga er gule. Ein grå trekant viser til ein bygning som er blitt fjerna. Ved å klikke på objektet kan du få opp litt av den informasjonen som er registrert om den enkelte bygning.
8. Huset mitt er frå 1900-talet. Kvifor er det likevel SEFRAK-registrert?
Som nemnt i punkt 3 blei det i ein del kommunar valgt å sette registreringsgrensa eit stykke inn på 1900-talet for å fange opp bebyggelse som ein vurderte å vere av kultur- eller lokalhistorisk interesse. Det kan også vere at ein bygning frå 1900-talet er registrer fordi den inngår som ein del av eit miljø som i hovudsak består av eldre bebyggelse. Så mykje som 16% av SEFRAK-bygningane er oppført på 1900-talet.
9. Huset mitt er eldre enn år 1900. Kvifor er det ikkje SEFRAK-registrert?
SEFRAK var eit stort anlagt prosjekt med ei ambisiøs målsetjing. Sjølv om ein klarte å registrere det aller meste av bygningar frå før år 1900, har likevel enkelte objekt falle ut. Det kan skuldast at ein i utgangspunktet ikkje hadde god nok informasjon om alderen på huset, eller at området det ligg i aldri blei heilt ferdigregistrert. I enkelte tilfelle kan også den dåverande eigaren ha motsatt seg å få sine bygningar registrert i SEFRAK.
10. Korleis kan eg få tilgang på den informasjonen som er registrert om min eigedom i SEFRAK?
Du kan vende deg til fylkeskommunen si kulturavdeling og be om ein kopi av originalskjemaet.


Riksantikvaren

