Publisert 24. februar 09 © Riksantikvaren

Serviceerklæring

Riksantikvaren har som direktorat for kulturminneforvaltning ansvar for at den statlege kulturminnepolitikken blir gjennomført. Riksantikvaren ønskjer å tilby dei ulike brukarane best mogleg service.

Svarteneste
Vår svarteneste (på www.riksantikvaren.no og telefon
22 94 04 00) sikrar deg raske svar på ulike spørsmål. Dersom du sender oss spørsmål via skjemaet til svartenesta, svarer vi deg så snart vi kan. Om du ikkje får svar med ein gong, får du eit førebels svar på e-post. Når du ringer oss, vil du få svar på dine spørsmål eller hjelp til å komme i kontakt med rette person eller instans. Dersom vi ikkje kan hjelpe deg straks, kan vi tilby at ein saksbehandlar ringer deg tilbake.

Tilkomst til informasjon
Offentlig journal leggjast ut på Internett. Vi gir innsyn i saksdokument som ikkje er unntatt offentligheit.

Sakshandsamingstid
Riksantikvaren er underlagt forvaltingslova. Vi forpliktar oss til å gi deg svar i saker som krev enkeltvedtak seinast ein månad innan vi har mottatt saka. Dersom denne fristen ikkje kan overhaldast, vil du få eit førebels svar. Der skal vi forklare kvifor vi ikkje kan svare tidlegare, og opplyse om når du kan vente svar. Dersom du sender oss ein e-post til postmottak@ra.no, svarer vi deg så snart vi kan.

Informasjon til eigarar
Når Riksantikvaren startar opp ei fredingssak, skal eigaren få eit eksemplar av Riksantikvarens informasjonsperm om kulturminne. Eigarane skal få informasjon om innsynsrett, klagetilgjenge og økonomiske støtteordningar, og abonnement på bladet "Alle tiders. Riksantikvarens magasin". Nettstaden vår, www.riksantikvaren.no, gir eit oversyn over arbeidsområda våre, lover og forskrifter, skjema og annan informasjon for eigarar.