Byparken i Mosjøen freda

Rundt 300 menneske hadde møtt fram da fredinga av byparken i Mosjøen vart høgtideleg markert fredag 12. juni.

Riksantikvar Nils Marstein, kommunegartnar Ragna Berg og ordførar Jann-Arne Løvdahl feira fredinga av byparken i Mosjøen. Foto: Linda Veiby©Riksantikvaren

 

- Det er mykje å feire i Mosjøen, sa riksantikvar Nils Marstein i sin tale. For eitt år sidan feira vi at parken sto ferdig etter fem års langt, og svært ambisiøst istandsetjingsprosjekt.

- Parken slik den er i dag fortel om heile den spennande utviklinga som landskapsarkitekturen har gått igjennom dei siste hundre åra; frå pryd til leik og til universell utforming.

Tre deler
Fredinga av parken skal sikre den komplette parken med sine tre deler, 1900-parken, 1948-parken og 2000-parken. Den første parkdelen vart grunnlagt i perioden 1900-1905, som eit klassisistisk anlegg der det vart henta impulsar frå fleire epokar i hagekunsten sin historie. Etter krigen vart parken utvida mot aust med eit nytt uttrykk etter datida sine parkidealar.

Norsk parkhistorie
I Noreg, som i resten av Europa, var parkane lenge ikkje til for alle. Først ut på 1800-talet spreidde ideen om offentlege parkar seg. Parkane var som skapte for 1800-talet si borgarlege offentlegheit, som la vekt på rekreasjon, underhaldning og danning. Parkane blei òg eit viktig element i arbeidet med å betre særleg arbeidarklassa sine livsvilkår, ettersom den raske industrialiseringa hadde ført til tronge og helsefarlege bustadar. Urbane parkanlegg er framleis sett på som svært viktige på ei rekkje områder.

Fredinga

Byparken i Mosjøen er i dag eit kulturminne med stor nasjonal verdi. Formålet med fredinga er å ta vare på byparken i Mosjøen som eit kulturhistorisk viktig anlegg med stor betydning for byen Mosjøen og som representant for norsk parkhistorisk utvikling. Fredinga vil ikkje hindre bruk av området som bypark og rekreasjonsstad.

Omkring 300 menneske hadde møtt opp på feiringa av byparken. Foto: Linda Veiby © Riksantikvaren

 

Oppdatert 09. september 2009 © Riksantikvaren
Logo Kulturminneåret 2009

     

Til kulturkalender »