Nr. 1 2000

Alle eldre hus på dataskjermen

Endeleg får kommunane attende nytteverdiar av det store arbeidet som er lagt ned i registreringar av data om eldre hus. Opninga av Nasjonalt bygnings-register gjer at alle kommunale saksbehandlarar no kan få data om dei såkalla SEFRAK-regisrerte husa opp på sine dataskjermar. Det blir eit kraftig verktøy for å innarbeide omsynet til kulturhistorisk viktig bebyggelse i alt kommunalt plan- og byggesaksarbeid.

Nasjonalt bygningsregister
18. februar var ein viktig dag for kulturminnevernet i Norge. Då vart det markert at SEFAK-data er kopla saman med bygningsdelen i Statens kartverk sitt GAB-register. Nyskapninga har fått namnet Nasjonalt bygningsregister, og er resulta av eit samarbeid mellom Riksantikvaren og Statens kartverk. Ved årtusenskiftet var det gamle SEFAK-registeret historie. Men datamaterialet lever vidare, og er no sikra kontinuerleg vedlikehald gjennom rapporteringssystemet som høyrer til ordinær byggesaksbehandling. Alle som har GAB-lisens vil få tilgang på dei gamle SEFAK-registreringane og oppdatert informasjon om status for desse bygningane i dag.

Nye bruksområde
Ein effekt av at Nasjonalt bygningsregister no er i drift, er at det er muleg å hente ut data om gamle bygningar og knytte desse til andre data-sett. Fordi alle bygningar no er kartfesta, vil det være særlig aktuelt å kople bygningsdata til andre geografiske data for å lage effektive presentasjonar av ulike problemstillingar. Det vil vere muleg for ein saksbehandlar å teikne opp ulike vegtrasear, og få informasjon om korleis dei ulike alternativa berører dei SEFAK-registrerte bygningana. Ved sjølve opninga av bygningsregisteret var det nettopp slike nye bruksområde for SEFAK-data som vart presentert.

Vegskille
Oppstart av Nasjonalt bygningsregister har hatt høg prioritet frå Miljøverndepartementet si side. Det var riksantikvar Nils Marstein og sjef for Statens kartverk Knut O. Flåthen som stod for den offisielle opninga. Marstein framheva at opninga inneber eit vegskille når det gjeld å gjere seg nytte av all den informasjonen som er samla inn. Sidan Sekretariatet for registrering av faste kulturminner (SEFRAK) byrja arbeidet på 70-tallet, har hundrevis av kommunar lagt ned ein betydelig ressursinnsats for å bidra til registeret. Ei rekke frivillige lag og organisasjonar har medverka, saman med fleire tusen engasjerte registratorar. – Offentleg forvaltning er ofte flink til å samle inn informasjon til store arkiv, men ikkje like flinke til å gjere informasjonen tilgjengeleg. Nasjonalt bygningsregister representerer ein motsett trend, sa Marstein. Han understreka at både departementet, Riksantikvaren og kartverket har forventningar om at det nye registeret skal føre til styrka vern for kulturhistorisk viktig bebyggelse.

Unikt materiale
Data-materialet som no er tilgjengeleg er unikt også i verdssamanheng. Det dreier seg om registreringar av over 510 000 eldre bygningar. Registreringane gjekk føre seg frå 1975 til 1995, og omfattar alle hus som er eldre enn 1900.
I Nord-Troms og Finnmark er alle hus opp til 1940 registrert. SEFRAK-materialet har tidligere gjort det muleg å lage eit anslag for det årlege tapet av eldre bebyggelse. På grunnlag av utviklinga i utvalde kommunar er det berekna til om lag 1%. Denne berekninga var ein føresetnad for å fastsette eit nasjonalt mål om å redusere avgangen til 0,5% årleg. SEFRAK-materialet gjorde det også muleg å berekne kor mange nye ståande byggverk som vil bli freda ved at grensa for automatisk fredning vert flytta frå 1537 til 1650 – slik Stortinget nyleg har vedteke.

Kunnskap forpliktar
Riksantikvar Nils Marstein sa under opninga at Nasjonalt bygningsregister vil gjere det lettare å overvåke status for bygningsmassen, og dermed også om miljømålet blir nådd. – Det er gjerne slik at kunnskap fører til høgare krav. Ved at vi vert betre i stand til å overvåke korleis miljømålet blir oppfyllt, må vi skjerpe oss på å nå målet, sa Marstein. Han trur òg at registeret vil vere ei hjelp til å betre den geografiske, sosiale, etniske og tidsmessige bredden for varig verna kulturminner og kulturmiljø, som er eit anna miljømål.

Investerte verdiar
Ei betre forvaltning av den eldre bygningsmassen har ikkje berre betydning for dei tradisjonelle kulturminneverdiane, knytta til identitet, opplevelse og historieforståing. Dei gamle husa er også ein viktig del av den samla infrastrukturen, og representerer store investerte verdiar. – Bygd miljø og ståande bygningar har faktisk større formuesverdi enn oljefondet. Om Nasjonalt bygningsregister kan gi bidrag til ei betre forvaltning av bygningsmassen har det både økonomisk og miljømessig verdi, fastslo Nils Marstein.

Oppdatert 09. februar 2005 © Riksantikvaren
01.01.00

Bevare for å forandre

Vi må forandre for å bevare, lyder et velkjent, konservativt slagord. Meningen kan for eksempel være at det er nødvendig å forandre gamle virkemidler for å sikre oppslutning om grunnleggende verdier. En konservativ læresetning – selv om den stammer fra politikken – kan saktens ha relevans for en sektor som har konservering som et viktig fag. Fra det praktiske bygningsvernet kjenner vi devisen i bruk på denne måten: Det er ofte riktig å godta mindre brukstilpasninger i et fredet hus for å sikre det best mulige vern ved at huset fortsatt blir i bruk.

Les mer

Send inn stoff til La stå!

01.01.00

Et viktig formål med nyhetsbrevet LA stå! er at det skal være en kanal for meningsutveksling mellom Riksantikvaren og våre kontakter i fylker, kommuner, organisasjoner, etc. Vi er derfor avhengige av å få tilsendt små artikler, rapporter, etc. om hvordan arbeidet med lokal Agenda 21 oppleves, erfaringer, er kulturminnene en integrert del av lokal Agenda 21, eksempler på gode prosjekter, etc.

Handlingsplan for helse og miljø

01.01.00

«Vi må nå i større grad dreie søkelyset mot de positive miljøfaktorene som kan bidra til overskudd og sette enkeltmenneske i stand til å mestre hverdagen. Eksempel på dette er friluftsliv og naturkontakt, stedskvalitet, estetikk og kulturminnevern, miljøinformasjon og tilgjengelighet».

Les mer

Lokal agenda 21-midler 1999 - Sjøhusmurane i Batalden

01.01.00

Flora kommune sitt kulturminne i kulturminneåret 1997 var sjøhusmurane i øyane utanfor Flora, særleg konsentrert om Batalden, men òg på Skorpa, Kinn og Reksta.

Les mer

Skilting av gamle hus i Strandgata

Florø vart by i 1860, og nokre av dei husa som var starten på byen, står enno i Strandgata. Dei seinare åra har sansen for å ta vare på og ruste opp den gamle trehusbebyggelsen auka. Mange av husa har ei historie å fortelje, og m.a. med støtte på kr. 20.000 frå Riksantikvaren blir det no sett opp vakre bronseskilt i Strandgata på dei første 25 husa, der historia blir fortalt på engelsk og norsk. Sentralt i Strandgata vil det kome opp eit opplysningsskilt med kart over heile Strandgata, og det vil òg bli laga eit hefte der historia blir fortalt. Huseigarane, Flora kommune, Vestkysten Reiseliv, Florø Sentrum (forretningane i sentrum) og Riksantikvaren finansierer skilta. Av Edvin Helgheim, kultursjef Flora kommune


Oppdatert 09. februar 2005 © Riksantikvaren

Norsk senter for seterkultur

01.01.00

Formålet med prosjektet er å øke interessen for og kunnskapen om norsk seterkultur. Riksantikvaren har gitt tilskudd på kr. 26.000 til innsamling av minnestoff om norsk seterkultur fra fortid og samtid tilrettelagt for digital formidling og nettverksbygging. Målet er å bygge opp et informasjons– og kompetansesenter for seterdrift.

Se arkiv

Kalender

jan februar 2012 mar
  m t o t f l s
5 1 2 3 4 5
6 6 7 8 9 10 11 12
7 13 14 15 16 17 18 19
8 20 21 22 23 24 25 26
9 27 28 29
08. februar 12Hus og landskap i et kulturhistorisk perspektiv
15. februar 12Utviklingsnett: Kunst, kultur og kulturminner
18. april 12Hus og landskap i et kulturhistorisk perspektiv