- Fjordkulturen ved eit vegskilje
Fjordane er og har alltid vore noko av det viktigaste i marknadsføringa av Noreg som reisemål. Det vestnorske landskapet med
fjordane sine er så spesielt at det i fjor blei skrive inn på verdsarvlista til Unesco: vestnorsk fjordlandskap med Geirangerfjorden
og Nærøyfjorden.
 |
| Fjordane på Vestlandet er blant dei vakraste naturområda i verda. Her frå Nærøyfjorden. Foto: Trond Taugbøl, Riksantikvaren |
No er Nærøyfjorden også med i verdiskapingsprogrammet som ein del av pilotprosjektet Nærøyfjorden verdsarvpark. I kjerneområdet
for dette prosjektet finn vi den største fjordcruisestrekninga i Noreg – Flåm-Gudvangen. Vi finn reiseopplevinga ”Noreg i
eit nøtteskal”, som inkluderar Bergensbanen, Flåmsbana, Aurlandsfjorden, Nærøyfjorden og Stalheimskleiva. Nærøyfjorden har
status som nasjonalt verdifullt kulturlandskap med sitt særpreg relatert til slått, beiting, setring og fangst. Her finn vi
heilskapeleg bygningsmiljø og handverk som oppretthald kulturhistoriske verdiar knytte til ferdsla på fjorden, landbruk, beitebruk,
matkultur, folketru og historiar.
Aurlandssko og Slow Food
Prosjektet inkluderar kommunane Aurdal, Lærdal, Vik og Voss, som alle er i nedslagsfeltet for verdsarvområdet. Vidare er Hordaland
og Sogn og Fjordane fylkeskommunar med. Det same er hurtigruteskipet ”Lofoten”. Prosjektet har også knytt til seg tradisjonelle
handverksprodukt, som Aurlandsskoen, som framleis blir produsert på tradisjonelt handverksmessig vis, og produkt for Slow
Food, i tillegg til at det samarbeidar med Norsk tradisjonsfisk, som skal auke verdiskapinga i fiskeindustrien.
Pilotprosjektet omfattar alt frå restaurering og skjøtsel til berekraftige, kommersielle aktivitetar og produkt. Her finn
vi kulturminne knytte til stølsdrift, til villrein og driftehandel. Vi finn gravhaugar og det spesielle kulturlandskapet.
Prosjektet skal medverke til at dei offentlege verkemidla innan skjøtsel og vedlikehald blir brukte på ein effektiv måte.
Dette skal mellom anna skje ved hjelp av ulike tiltak som dugnadsarbeid i Aurlandsdalen, slåttefest og landskapspleie som
opplevingsprodukt, vidareutvikling av lokalhistorisk senter, og restaurering av bygningar, kulturmiljø og kulturlandskap.
God kommunikasjon mellom lokalbefolkningaog turistane
Eit viktig mål med prosjektet er å få til god kommunikasjon mellom lokalbefolkninga og turistane. Det er eit paradoks at dei
fleste innbyggjarane står med ryggen til turistane. Dette prøver prosjektet å snu gjennom å leggje grunnlaget for at lokalsamfunnet
skal kunne meistre rolla som vertskap for eit verdsarvområde. Prosjektet spring ut av dynamiske prosessar på grasrota mellom
bedrifter, organisasjonar og entreprenørar. Det har god lokal forankring, både politisk og i næringslivet, lokalt og regionalt.
Prosjektet tar utgangspunkt i erfaringane frå dugnadsarbeidet i Aurlandsdalen, for å vidareutvikle modellar for partnarskap
mellom grunneigarar, kulturorganisasjonar og privatpersonar. Det skal utvikle modellar for korleis folk kan få ”eigarskap”
til den felles kulturarven gjennom å delta i skjøtsel av kulturminna. Det skal også utvikle kommersielle produkt basert på
formidling av kulturarven, modellar for korleis næringslivet kan vere med på å ta vare på kulturarven og metodar for å gjere
den tause kunnskapen tilgjengeleg.
Parkavtalar
Det sentrale i regionalparkkonseptet er parkavtalen som skal forankrast i dei ulike forvaltingsnivåa, mellom anna ved hjelp
av kommuneplanar og lokale og regionale handlingsprogram. Avtalen er laga etter modell frå dei franske regionale parkane.
Prosjektet skal få fram erfaringar som skal danne grunnlaget for å utvikle ein modell for norske regionalparkar, tilpassa
den norske lovgjevinga, den norske kommunestrukturen og det norske verkemiddelapparatet.
Ved hjelp av parken skal prosjektet hjelpe til med å vidareutvikle og kommunisere identiteten knytt til fjordkulturen på ein
måte som gjer at innbyggjarane betre skal kunne utføre rolla som vertskap. Prosjektet ønskjer å finne ut om god kommunikasjon
mellom lokalsamfunnet og turistane aukar verdiskapinga økonomisk og kulturelt.
Møteplass
Ein av intensjonane bak det å opprette ein regionalpark, er at den skal fungere som ein møteplass mellom eit vekslande mangfald
av initiativ som alle dreg i same retning. På den måten skal det utviklast ein kultur som kan fremje produktmangfald, ein
kultur der det er naturleg og uproblematisk å vere både konkurrent og støttespelar på same tid, ein kultur for å dele informasjon
og kunnskap.
Prosjektet skal utvikle kurs for lokalsamfunn og bedrifter og pedagogiske tilbod til skoleelevar i ulike aldrar. Det skal
hjelpe fylkeskommunen i arbeidet med å utvikle eit vidaregåande studietilbod innan natur- og kulturbasert næringsutvikling.
Det skal delta i arbeidet til Høgskulen i Sogn og Fjordane med å vidareutvikle kurs i bygdeturisme og studium i reiseliv,
og det skal utvikle tiltak for personalutvikling og traineeordningar i samarbeid med dei ulike bedriftene.
Stor overføringsverdi
Mange vil kunne ha utbytte av erfaringane med å etablere ein norsk regional natur- og kulturpark og slik vil prosjektet ha
stor overføringsverdi, mellom anna gjennom å etablere eit norsk regionalparkregime. Vidare vil ein kunne hauste kunnskap om
samanhengen mellom kulturarv og kulturlandskap på den eine sida og reiselivsbasert verdiskaping på den andre.