Arkeologi

Arkeologiske kulturminne og kulturmiljø er ei kjelde til kunnskap om vår felles fortid. Kunnskap som gjer oss i stand til betre å forstå oss sjølve, vår samtid, andre menneskje og andre kulturar.

Dette skipsvraket blei funnet under utgraving av eit utbyggingsprosjekt i Bjørvika, Oslo. Foto: Norsk maritimt museum
Arkeologiske kulturminne er spor etter menneske som har levd i tidlegare tider. Dette skipsvraket vart funne under utgraving av eit utbyggingsprosjekt i Bjørvika, Oslo. Foto: Norsk maritimt museum

Riksantikvaren er øvste faglege styresmakt for forvaltinga av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø, og forvaltar desse i medhald av kulturminnelova av 1978, nr 50. Korleis forvaltinga er organisert og korleis sakshandsaminga går føre seg kan du lese om i Veileder i saksbehandlingsrutiner, arkeologi som du finn ein lenke til høgre på denne sida.

Riksantikvaren har mellom anna som mål for forvaltinga at den skal styrke allmennheita si interesse og ansvarskjensle for dei arkeologiske kulturminna og kulturmiljøa. Dette og andre mål er omtalt i Riksantikvaren sin strategiske plan for forvaltinga av arkeologiske kulturminne og kulturmiljø som du finn under lenka Arkeologi mot 2020.

Arkeologiske kulturminne og kulturmiljø

Arkeologiske kulturminne blir kjenneteikna ved at arkeologiske metoder blir teke i bruk for å få kunnskap om menneske som har levd i tidlegare tider og deira spor i ettertida. Stader som det er knytt segn og tradisjon til kan òg vere automatisk freda kulturminne.

Ein skil mellom faste og lause arkeologiske kulturminne. Faste kulturminne er til dømes rester etter buplassar, gravhaugar, kokegroper, stolpehol, holar og hellarar, byanlegg, mv. Lause kulturminne er gjenstandar funne utan kjent kontekst eller ved ein arkeologisk utgraving. Eit arkeologisk kulturmiljø er eit område der kulturminna inngår som ein del av ein større heilskap eller samanheng.

Kva er automatisk freda eller verna på anna vis

  • Alle faste arkeologiske kulturminne, kjente og ukjente, som er frå tida før 1537 (reformasjonen), samt samiske kulturminne eldre enn 100 år, er automatisk freda i medhald av lov om kulturminne av 1978, nr 50 (kml) §§ 3 og 4.
  • Båtar, skipsskrog, last m. m. som er eldre enn 100 år, har eit tilsvarande vern gjennom kml § 14.
  • Lause kulturminne frå før 1537, eller eldre enn 100 år, er statens eigedom i medhald av kml § 12, med mindre ein anna eigar finst. Finner eller grunneigar har ikkje eigedomsrett til slike kulturminne.
  • Etterreformatoriske kulturminne kan bli vedtaksfreda med heimel i kml §§ 15 eller 19.

 

 


Oppdatert 06. januar 2012 © Riksantikvaren

Søknadsskjema

Søknad om tillatelse til inngrep i automatisk fredete kulturminner:

Bokmål (pdf)

Nynorsk (pdf)

Kalender

jan februar 2012 mar
  m t o t f l s
5 1 2 3 4 5
6 6 7 8 9 10 11 12
7 13 14 15 16 17 18 19
8 20 21 22 23 24 25 26
9 27 28 29
08. februar 12Hus og landskap i et kulturhistorisk perspektiv
15. februar 12Utviklingsnett: Kunst, kultur og kulturminner
18. april 12Hus og landskap i et kulturhistorisk perspektiv