SEFRAK – register over eldre bygninger

SEFRAK er eit landsdekkande register over eldre bygningar og andre kulturminne. Det rare namnet er opphavleg ei forkorting for SEkretariatet For Registrering Av faste Kulturminne i Noreg, som var det organet som starta prosjektet. Ansvaret for registeret er seinare overteke av Riksantikvaren.

SEFRAK-registeret vart bygt opp gjennom eit stort anlagt feltarbeid i åra 1975-1995. Mange tusen registratorar samla då inn opplysningar om alle bygningar frå før år 1900 i Noreg. I delar av landet vart grensa for registrering sett noko lenger fram i tid, t.d. valde ein å registrere alt som var frå før 1945 i Finnmark. Med til arbeidet høyrde også kartfesting, oppmåling og fotografering av objekta. I alt er det registrert ca 515.000 objekt i SEFRAK, av dei er i underkant av 375.000 bygningar som framleis står. Resten er ruinar, andre minne enn hus eller objekt som er blitt borte etter at dei vart registrerte.  

Formål med SEFRAK-registeret

SEFRAK er først og fremst eit generelt kulturhistorisk register som kanskje særleg har verdi som kjeldemateriale for lokal historie. Men det vert også nytta av forvaltninga som eit utgangspunkt for å finne kvar det kan vere verneverdig bebyggelse. Det at ein bygning er registrert i SEFRAK gjev den ikkje automatisk nokon vernestatus. Oppføring i registeret inneber heller ikkje i seg sjølv spesielle restriksjonar for kva som kan gjerast med eit hus.
Sjå meir her:
SEFRAK-spørsmål: 10 på topp

Oppbevaring av registreringsskjema

Skjemamaterialet etter registreringane er no oppbevart hos dei enkelte fylkeskommunane, medan storparten av fotomaterialet finst hos Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana. I fleire fylke og kommunar pågår det arbeid med å skanne gamle registreringsskjema og gjere dei tilgjengeleg gjennom ein eigen landsdekkande database i regi av Riksantikvaren. Opplysningane er også lagt inn på data og utgjer ein del av Statens Kartverk sitt eigedomsregister Matrikkelen, og er såleis også enkelt tilgjengeleg for den kommunale forvaltninga.  Riksantikvaren publiserer også SEFRAK som ein såkalla WMS-tjeneste til bruk i geografiske informasjonssystem (GIS).

Oppdatert 08. mars 2012 © Riksantikvaren

Kalender

apr mai 2012 jun
  m t o t f l s
18 1 2 3 4 5 6
19 7 8 9 10 11 12 13
20 14 15 16 17 18 19 20
21 21 22 23 24 25 26 27
22 28 29 30 31
23. mai 12Utviklingsnett: Kulturminner i skog
06. juni 12Nordisk konferanse om sjømat og kulturarv
30. august 12Fortid og fremtid i friluft
09. oktober 12Kurs i plan- og bygningsloven