For å bøte på dette starta Sjøfartsdirektoratet, Norsk Foreining for Fartøyvern og Riksantikvaren eit samarbeid som munna ut i etableringa av termen ”verna skip” i Sjøfartsdirektoratet sitt regelverk.
I samband med dette er det viktig å merkje seg at det er vern - og ikkje drift - av fartøyet som er det primære.
Verneverdig skip
I følgje Sjøfartsdirektoratet sine Regler for passasjer- og lasteskip m.v. vært ”verneverdig skip” definert som:
”Skip/fartøy som har fått slik status etter godkjennelse av Riksantikvaren, eller den han bemyndiger. Denne status opprettholdes så lenge Riksantikvaren gjennom egen avtale med eieren, finner at de antikvariske betingelsene er opprettholdt”. Vidare heiter det at ”Skip som er definert som verneverdig skip, kan etter vurdering i det enkelte tilfelle få opprettholdt sitt opprinnelige arrangement og utførelse mest mulig, mot at sikkerheten om nødvendig blir ivaretatt med driftsbegrensninger som reduksjon i fartsområde, anvendelse kun i sommerhalvåret osv.”
Sjøfartsdirektoratet gjev gebyrfritak for fartøy som er tildelt status som verna skip av Riksantikvaren. Også ulike avgifter på drivstoff, smøremiddel og elektrisk straum vært refunderte, då desse skal initiere utskifting av eldre teknologi og fylgjeleg her rammer utilsikta.
Eit fartøy kan få status som ”verna skip” dersom følgjande vilkår vært oppfylde:
- Fartøyet må være verneverdig.
- Eigar må forplikte seg til å følgje gjeldande antikvariske retningsliner ved vedlikehald/konservering og i samband med eventuelt istandsetjingsarbeid.
Riksantikvaren avgjer om eit fartøy skal definerast som verneverdig. Det er i første rekkje den historiske betydinga til fartøyet, eller fartøytypen, som vært vurdert. I tillegg vurderer Riksantikvaren fartøyet sin tilstand og autentisitet.
Vilkår
Dersom eit fartøy får formell status som ”verna skip”, skal vernearbeidet i hovudsak utførast etter same prisnipp som gjeld
for kulturminne på land. Eigar av fartøyet må difor rette seg etter følgjande vilkår:
- Drift og vedlikehald skal ha som overordna mål å sikre fartøyet som varig kulturminne.
- Konserveringstiltak, vedlikehald og eventuelle istandsetjingsarbeid må skje etter prinsipp som tek vare på dei historiske kvalitetane hjå fartøyet ut frå ein nærare dokumentert epoke i fartøyet si historie.
Dette har konsekvensar i form av antikvariske krav til fartøyet sitt eksteriør, interiør, materialval, handverksmessige utføring m.v. Det må difor utarbeidast ein verneplan for fartøyet. Ein slik plan skal m.a. innehalde eit framlegg til kva for epoke/årstal i skipet si historie som skal danne utgangspunkt for vernearbeidet. Det må ikkje gjerast fysiske endringar, korkje i interiør eller eksteriør, før denne verneplanen er utarbeidd og godkjend av Riksantikvaren.
Når Riksantikvaren har motteke skriftleg melding om at eigar godtek dei vilkåra som er nemnt over, vil det bli gjeve ei formell stadfesting av at fartøyet er tildelt status som verna skip. Samstundes vil Sjøfartsdirektoratet få melding om dette.
Status som verna skip er knytt til vilkåra som her er nemnt og er ei avtale mellom eigar og Riksantikvaren. Ved eventuelt sal av fartøyet skal Riksantikvaren varslast. Neste eigar må inngå ny avtale med Riksantikvaren dersom statusen skal oppretthaldast.
Det er også viktig å merkje seg at dersom pålegg frå Sjøfartsdirektoratet kjem i konflikt med Riksantikvaren sine retningsliner, så skal ikkje desse pålegga utførast utan Riksantikvaren sitt samtykke. Normalt skal det i slike høve søkjast om dispensasjon slik Sjøfartsdirektoratet sine reglar opnar for. Dersom dette ikkje er mogleg skal det vurderast om krava kan etterkomast gjennom tiltak som ikkje reduserer fartøyet sin verdi som verdi som kulturminne.
Vi gjer merksam på at status som verna skip ikkje automatisk medfører tildelingar frå Riksantikvaren sine midlar til fartøyvern.


Riksantikvaren
