Slike opplysningar er henta frå Riksantikvaren sin kulturminne-database Askeladden som er publisert på Internett gjennom sida Kulturminnesøk.
Opplysningane kan til dømes sjå slik ut:
| Lokalitetsnr | Kulturminne art | Vernetype | Kategori |
| 70453 | Bosetning-aktivitetsområde | Automatisk fredet | Arkeologisk lokalitet |
| 70490 | Funnsted | Uavklart vernestatus | Arkeologisk lokalitet |
Forklaring følger:
Lokalitetsnummer (evt. enkeltminnenr) er ei tilvising til innførselen i Askeladden-databasen.
Kulturminne art (evt. enkeltminne art) viser kva type kulturminne det dreier seg om.
Vernetype viser kva vernestatus kulturminnet har. Dei viktigaste vernetypene er:
- "Automatisk freda" som betyr at minnet er datert til å vere frå før reformasjonen (år 1537). Dersom det dreier seg om eit ståande byggverk, er det tilstrekkeleg at det er eldre enn 1650. Samiske kulturminne er automatisk freda dersom dei er eldre enn 100 år gamle.
- "Uavklart vernestatus" betyr at dateringa av kulturminnet er usikker, men det kan tenkast at det kan falle innanfor reglane om automatisk freding.
- "Vedtaksfreda" som betyr at Riksantikvaren har fatta eit eige vedtak om freding av dette kulturminnet. Slike vedtak vil også vere tinglyste og registrerte i grunnboka.
- "Midlertidig freda" betyr at det er fatta eit vedtak om at kulturminnet er freda inntil vidare. Slike fredingar kan seinare bli omgjort til vanlege vedtaksfredingar, eller dei kan bli oppheva.
- "Forskriftsfreda" betyr at det er vedteke ei forskrift som fastset at dette kultutminnet er freda. Denne fredingsforma blir berre brukt for kulturminne i statleg eige, men fredinga følger med dersom eigedommen seinare blir solgt til andre.
Meir detaljar om dei ulike fredingsformene finn du her.
Kategori viser kva hovudgruppe av kulturminne det er tale om: arkeologisk, bygningslokalitet, kyrkjestad, teknisk/industrielt minne eller annan kulturminnelokalitet.
Dersom du vil vite meir om "dine" kulturminne, kan du gå inn på Kulturminnesøk og slå dei opp v.h.a opplysningar om ditt gardsnr/bruksnr.
Dersom du meiner at det er feil i dei registrerte opplysningane, t.d. at kulturminnet ikkje lenger eksisterer, eller at det er kartfesta på feil plass, kan du melde frå om dette her.
I Matrikkelen framgår det også om det finst SEFRAK-registrerte bygningar på eigedomen.
Det kan du lese meir om her.


Riksantikvaren
