Samisk kulturminneforvaltning

Delar av norsk territorium er også samisk land, Sàpmi. Samisk busetnad i Noreg strekkjer seg frå Nordre Hedmark til Aust-Finnmark. Innanfor dette vidstrekte området vitnar dei samiske kulturminna om ei rik og variert førhistorie og historie, med vekt på fiske, jakt og fangst, og seinare også reindrift og husdyrhald.

Kulturminnevernet er organisert slik at Riksantikvaren har det overordna direktoratansvar, medan forvaltinga av samiske kulturminne er Sametingets ansvar.

Til Sametingets nettsider »




Skoltebyen i Neiden er et skoltesamisk område som ligger i Sør-Varanger i Finnmark. Området er fredet som kulturmiljø. Innenfor grensene for fredningen ligger det flere samiske bygninger som er eldre enn 100 år, og som derfor er automatisk fredet. De automatisk fredete bygningene omfatter bla. et lite ortodoks kapell med gamle russiske ikoner. Foto: Arve Kjersheim, NIKU.

Samiske kulturminner

Samiske kulturminne kan vere gravplassar, offerplassar og heilage område, gammetufter, og andre fangstanlegg, oppbevarings-, mjølke- og merkeplassar for reindrifta, sjøsamiske småbruk og utmarkslåttar, sagnstader og andre minne knytt til samane sine tradisjonelle busetnadsområde. Innan samisk kulturminnevern har samspelet med naturen og dei naturgjevne føresetnadene, det samla kulturlandskapet, særskild vekt.

Levande tradisjon

Der samisk busetnad og bruk er intakt, er mange av dei samiske kulturminna del av ein levande tradisjon. Tradisjonane kan vere knytt til utøving av religion i fortida, til tradisjonell ressursutnytting og naturåtferd, og til både kvardagslivet og mytiske hendingar. Nokre av tradisjonane kan ha svært djupe røter. Det samiske kulturminnevernet har som ei viktig oppgåve å ta vare på tradisjonane og føre desse vidare, slik at det blir lagt til rette for at den samiske kulturarven som er nedfelt i kulturlandskapet kan inngå i samisk kulturutøving i dag.