Arkeologisk kulturminne
Arkeologiske kulturminne er fysiske spor og leivningar etter tidlegare tiders liv og arbeid, der utgraving og dokumentasjon
utgjer hovudkjeldene til kunnskapen vår om og oppleving av fortidas samfunn
Automatisk freda kulturminne
Eit automatisk freda kulturminne er eit kulturminne som er freda direkte etter lov, utan særskilt vedtak.
Kulturminne som er automatisk freda:
· faste kulturminne frå før 1537
· samiske faste kulturminne eldre enn 100 år
· ståande byggverk med erklært opphav frå perioden 1537-1649
· faste og lause kulturminne på Svalbard frå før 1946. I tillegg er det vedtak for nokre typar kulturminne. (Sjå svalbardmiljølova)
Skipsfunn eldre enn 100 år er verna etter eigne reglar i kulturminnelova.
Bergkunst
Bergkunst er bilete og symbol som er hogde, slipte eller måla på berg. Bergkunst finn vi i Noreg som helleristningar, slipte
bergbilete, hole- eller hellemåleri.
Bevaringsverdig kulturminne
sjå Verneverdig kulturminne
Dispensasjon
Ein dispensasjon betyr fritak frå i eit enkelt tilfelle å følgje ei lov, eit vedtak eller ei forskrift. Innan kulturminneforvaltinga
inneber dette:
· dispensasjon frå automatisk freding, dvs. at det vert tilate inngrep i eller ved det automatisk freda kulturminnet
· dispensasjon frå vedtaksfreding, dvs. at det blir gjort unnatak frå fredinga for tiltak som ikkje medfører vesentlege
inngrep i kulturminnet
· dispensasjon frå vern gjennom plan- og bygningslova, dvs. at kommunane gjer unnatak frå planavgjerder om vern
Fast kulturminne
Namnet blir brukt om kulturminne som ikkje er normalt flyttbare. Det faste inventaret i ein bygning blir rekna som del av fast kulturminne.
Arkeologiske funn blir rekna som fast kulturminne så lenge dei ligg i jorda.
Forskriftsfreda kulturminne
Nemninga blir brukt om vedtaksfreda bygningar eller anlegg som er i statleg eige på fredingstidspunktet, og som er freda ved
forskrift. Forskriftsfreding er ein forenkla prosedyre i forhold til andre former for freding.
Freda kulturminne
Eit freda kulturminne er eit kulturminne som myndigheitene gir så stor verdi at det må sikrast for ettertida. Kulturmiljø kan også fredast. Eit freda kulturminne er automatisk freda eller vedtaksfreda.
Ei freding er den strengaste forma for vern av kulturminne. Det inneber at inngrep i eller endringar av kulturminnet må godkjennast av myndigheitene. Lovene som blir brukte i dag ved freding, er kulturminnelova og svalbardmiljølova.
Istandsetjing
Istandsetjing er eit reperasjonsarbeid for å få ein bygning, del av ein bygning eller eit anna objekt opp på eit ordinært
vedlikehaldsnivå, slik at berre normalt vedlikehald vil vere nødvendig seinare.
Ei antikvarisk istandsetjing inneber at reparasjonen blir basert på bruk av materiale og teknikkar tilpassa bygningen eller
anlegget sin eigenart.
Konservering
Konservering av eit kulturminne tyder at ein sikrar det så godt som mogeleg mot øydeleggingar. Desse øydeleggingane kan vere
på grunn av naturleg nedbrytning eller menneskelege inngrep. For bygningar brukar ein vanlegvis ordet istandsetjing.
Kulturarv
Kulturarv blir brukt som samlenamn for materiell og immateriell kultur.
Namnet kulturarv blir særleg brukt i samarbeidet mellom kulturminneforvaltninga, arkivverket og museumssektoren, saman med
kommunane og lokale lag og foreiningar.
Kulturlandskap
Kulturlandskap er alt landskap som er påverka av menneske. Ordet blir brukt når det blir fokusert på den menneskelege påverknaden av landskapet, og særleg
ofte om jordbrukslandskap.
Kulturmiljø
Eit kulturmiljø er eit område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng. Kulturmiljø kan for eksempel vere ein bydel, eit gardstun med landskapet
rundt, eit fiskevær, eit fangstanlegg eller eit industriområde med fabrikkar og bustader.
Kulturminne
Kulturminne er alle spor etter menneska sine liv og virke i det fysiske miljøet vårt. Omgrepet omfattar også stader det knyter
seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til.
Kulturminne kan for eksempel vere bygningar, gravhaugar, helleristningar, båtar eller vegar. Desse kan vere frå tidlegare
tider eller frå vår eiga tid. Det vert skilt mellom lause og faste kulturminne.
Landskap
Landskap er eit samlenamn på våre utandørs omgivnader, både naturgitte og menneskeskapte. Landskapet er forma av samspelet
mellom mennesket og naturen.
Namnet omfattar alle typar landskap, som for eksempel jordbrukslandskap, industrilandskap, kystlandskap, bylandskap og fjellandskap.
Laust kulturminne
Ordet blir brukt om kulturminne som er flyttbare.
Miljøovervaking
Miljøovervaking er ei systematisk innsamling av data ved hjelp av etterprøvbare metodar, som baserer seg på hypotesar om samanhengen
mellom årsak og verknad. Overvakinga omfattar både påverknad, effektar og miljøtilstand. Målet er å dokumentere miljøtilstanden
og utviklinga av denne.
Motsegn
Riksantikvaren, fylkeskommunane, Sametinget og ei rekkje andre styresmakter kan fremje motsegn, det vil seie ein protest eller
innvending mot forslag til arealplanar etter plan- og bygningslova. Så lenge det finnest ei motmæle, kan kommunen ikkje vedta
endeleg plan.
Naturlandskap
Naturlandskap blir brukt om landskap med liten grad av menneskeskapt påverknad. Nemninga blir også brukt når ein ynskjer å rette fokus mot landskapets geologiske
og biologiske innhald.
Restaurering
Restaurering tyder å heilt eller delvis tilbakeføre ein bygning eller gjenstand til ein tidlegare tilstand.
Ved restaurering må ein velje kva tidspunkt kulturminnet skal tilbakeførast til. Det kan vere slik det var då det vart laga
eller oppført, slik det var på eit seinare tidspunkt eller ein kombinasjon av ulike stadium.
SEFRAK-bygning
Nemninga blir brukt om bygningar som blei registrerte i regi av SEFRAK (Sekretariatet for registrering av faste kulturminne)
i åra 1975-1995. Registreringane omfattar i prinsippet alle bygningar bygt før 1900, men i enkelte område blei grensa sett
noko lenger fram i tid, for eksempel i Finnmark (alle bygningar før 1945.) Det einaste kriteriet for registrering var alder
på bygningen.
Sikring
Sikring inneber alle tiltak på eller ved kulturminnet for å verne det mot skade og tap. Sikring dekkjer også istandsetjing,
vedlikehald og skjøtsel, i tillegg til dokumentasjon og juridiske tiltak.
Universell utforming
Innan kulturminneforvaltninga inneber universell utforming at kulturminnet blir gjort tilgjengeleg for flest mogeleg. Dette
inneber tilrettelegging for besøk og/eller formidling av kulturminnet sin kunnskaps- og opplevingsverdi på annan måte.
Vedlikehald
Vedlikehald tyder rutinemessig arbeid for å hindre forfall på grunn av jamn og normal slitasje.
Vedtaksfreda kulturminne
Eit vedtaksfreda kulturminne blir freda gjennom vedtak etter kulturminnelova eller svalbardmiljølova. Vedtaksfredingar etter kulturminnelova kan omfatte alle typar kulturminne yngre enn 1537, ståande byggverk yngre enn 1649, kulturmiljø og farty. Vedtaksfredingar etter svalbardmiljølova kan omfatte kulturminne yngre enn 1945.
Verdsarv
Verdsarven er kulturarv og/eller naturarv som er innskriven på UNESCO si verdsarvliste. Verdsarvstadene utgjer ein felles arv som er umissande for menneske, på tvers av landegrensene.
Verdiskaping
Verdiskaping i ein vid meining fortel korleis kulturarven kan aktiviserast som ressurs i arbeidet med å skape både økonomiske, sosiale, kulturelle og miljømessige verdiar.
Verneverdig kulturminne
Eit verneverdig eller bevaringsverdig kulturminne er eit kulturminne som har gjennomgått ei kulturminnefagleg vurdering og er identifisert som verneverdig. Nemningane verneverdig
og bevaringsverdig tyder det same og blir brukte om kvarandre.
Dei mest verneverdige kulturminna er av nasjonal verdi. Det er fyrst og fremst desse som blir freda etter kulturminnelova.
Kulturminne kan også ha regional eller lokal verdi. Normalt vil det vere kommunane som sikrar vern av slike kulturminne ved
hjelp av plan- og bygningslova.
Ein annan måte å markere verneverdi på, kan vere listeføring. Eksempel på slike lister er Byantikvaren i Oslo si Gule liste, Riksantikvarens fartyliste og lista over bevaringsverdige norske kyrkjer.
Dei fleste verneverdige eller bevaringsverdige kulturminne er ikkje formelt verna etter kulturminnelova eller plan- og bygningslova.
Mange blir likevel tekne vare på fordi dei blir oppfatta som verdifulle av eigarar og brukarar.


Riksantikvaren
