r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Kulturminnebilder

I løpet av dei siste 100 åra har Riksantikvaren bygd opp ei stor fotosamling der kulturminne står i sentrum. Eit stort utval av desse bileta er no digitalisert og gjort tilgjengelege i fotoarkivet "Kulturminnebilder" for alle som ønskjer eit gjensyn med fortida.

Skjermdump frå Kulturminnebilder.ra.no

Tusenvis av bilete er tilgjengelege på nett

Førebels kan du finne ca. 25 000 bilete i det digitale fotoarkivet "Kulturminnebilder". Dei fleste bileta er frå perioden 1870–1960, men det er også ein del nyare bilete. Fototeamet hos Riksantikvaren arbeider kontinuerleg med å gjere fleire bilete tilgjengelege.

Mange av dei eldste bileta er tatt av profesjonelle fotografar som Anders Beer Wilse, Knud Knudsen, Olaf Martin Peder Væring og Per Adolf Thorén. Herman Christian Neupert, August og Thorvald Aron Brunskow og Ole Tobias Olsen er også verd å merke seg. Av utanlandske fotografar kan ein nemne Axel Lindahl (Sverige), C. Christensen Thomhav (Danmark) og Henry Rosling (England). Ein kan og finne mange bilete av amatørfotografar i arkivet, som for eksempel Henrik Sigvard Scheel og Hanna-Marie Resvoll-Holmsen. Andre fotografiar er tatt av tidlegare eller noverande tilsette hjå Riksantikvaren.

Da Torpo nye kyrkje (til venstre) stod ferdig i 1880 ville dei rive stavkyrkja (til høgre) frå slutten av 1100-talet. Dei starta med å rive koret, men da Fortidsminneforeningen kjøpte kyrkja blei rivinga stansa og skipet bevart. Skyene er teikna inn på biletet, noko som er typisk for mange av bileta til C. Christensen Thomhav (1857 - 1937).
Foto: C. Christensen Thomhav / Riksantikvaren

Kulturminne i sentrum

For antikvarane som var på synfaring rundt omkring i Noreg var det kulturminna som stod i sentrum. Derfor finn du knapt eit menneske på bileta. Sjølv om samlinga er dominert av bygningar, er også andre kulturminne som for eksempel byprospekt og foto frå arkeologiske utgravingar godt representerte i «Kulturminnebilder». Og kikkar du nøyare etter, kan du også finne meir sjeldne foto som stereoskopi.

Ikkje berre når det gjeld motiv, men også fototeknisk, speglar fotosamlinga til Riksantikvaren ei historisk utvikling. I samlinga er mange ulike teknikkar representerte, og bileta er digitalisert frå både papirkopiar, glassplater og negativ film.

Cyanotypi er ein fototeknikk der cyanid- og jernforbindelsar inngår i framstillinga av fotografiet. Biletet blir da cyan-blått, som dette biletet av Rønvik psykiatriske sjukehus. Metoden var kjent frå andre bruksområde før han blei brukt i framstillinga av fotografi av ein av dei første kvinnelege fotografane i verda, engelske Anna Atkins (1799–1871). Teknikken blei mest brukt i perioden 1890–1910.
 Foto: ukjend / Riksantikvaren

Bruk av bileta

Bileta er høgoppløyselege og du kan lasta dei ned og bruke dei fritt til alle formål (med nokre unntak). Kvart bilete har opplysningar om kva for reglar som gjeld for bruk, og dette er i hovudsak "falt i det fri - bildet kan fritt gjengis" eller ein Creative Commons-lisens av typen CC BY. Enkelte bilete har andre CC-lisensar, som CC BY-NC (fri ikkje-kommersiell bruk med namngjeving) og CC BY-NC-ND (fri ikkje-kommersiell bruk utan endringar, med namngjeving). Hugs å alltid ta med fotografen sitt namn, og gjerne og Riksantikvarens arkiv som eigar.

Kontakt bildearkiv@ra.no om du har spørsmål kring bruk av bileta.

Ein del av arkitekturutdanninga ved Tegneskolen i Kristiania var studiereiser der teikning og oppmåling av eldre bygningar stod på timeplanen til studentane. Herman M. Schirmer, som var overlærar ved skulen før han blei riksantikvar i 1912, leia arbeidet. På dette biletet er det garden Bjørnstad i Vågå som blir måla opp i 1898.
 Foto: ukjend / Riksantikvaren

Ruseløkkbakken "Tunis og Algier" og dei gamle trehusa i Vika, Oslo. Foto: Johannes Markus Holmsen / Riksantikvaren

Nidarosdomen sett frå nordaust. Biletet er frå 1871, rett etter at dei store restaureringsarbeida ved katedralen starta. Seinare fekk oktogonen (tårnet til venstre med barokk tårnhjelm) spisst spir og hovudtårnet med lågt pyramidetak blei høgare.
 Foto: ukjend / Riksantikvaren

Høyjord stavkirke. Foto: Dagfinn Rasmussen, Riksantikvaren

Har du lyst til å sjå fleire bilete frå det digitale fotoarkivet? Sjå "Kulturminnebilder" her: http://kulturminnebilder.ra.no 

Bileta i "Kulturminnebilder" er også tilgjengelege gjennom mobilapplikasjonen FotoWeb Desktop for iPhone og Android.

Lenker

Gå til Kulturminnebilder

 

Preus Museum

Les om norske fotografar og fotografiske samlingar i det digitale registeret til Preus Museum.