r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Personvern

Riksantikvaren ønskjer å tilby brukarane våre gode, relevante nettsider. Difor er det viktig for oss å kunne innhente informasjon om brukarmønsteret til dei som bruker nettstaden.

Informasjonskapslar og Google Analytics

For å kunne utvikle og analysere brukarmønsteret, nyttar riksantikvaren.no informasjonskapslar ("cookies"). Informasjonskapslar er små tekstfiler som nettstaden lagrar på datamaskina til brukaren. For å analysere informasjonen vi hentar inn, bruker vi analyseverktyet Google Analytics.

Du kan avvise bruken av informasjonskapslar på maskina di ved å justere innstillingane i nettlesaren din. Men ver oppmerksam på at om du gjer dette, vil du kanskje ikkje vere i stand til å nytte all funksjonaliteten til nettstaden. Les meir om bruk og administrering av informasjonskapslar på nettstaden nettvett.no.

Nyheitsbrev

Riksantikvaren sender ut nyheitsbrev med aktuell informasjon på e-post. Nyheitsbrevet blir laga og send av nettredaksjonen til dei som ønskjer dette, og brukarane registrerar ei e-postadresse. Riksantikvaren forpliktar seg til å berre bruke denne e-postadressa til å sende ut nyheitsbrevet.

Brukaren skal når som helst kunne melde seg på og av nyheitsbrevet frå nettsidene til Riksantikvaren, eller ved å ta kontakt på e-post.