r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Bevaringsprogrammet for bergkunst

Målet til bevaringsprogrammet for bergkunst (BERG) er at eit utval bergkunstlokalitetar skal bli dokumentert, sikra og tilgjengeleg for publikum.

Bergkunst i Bergbukten 4A, Hjemmeluft, Alta. Foto Bjørn Helberg / Riksantikvaren                                                                        

Kva er bergkunst?

Bergkunst er førhistoriske bilete som er hogde, slipa eller måla på berg. Det er registrert meir enn 1700 lokalitetar med bergkunst og over 30.000 figurar over heile landet. 

Les meir om bergkunst her. 

Bakgrunnen for bevaringsprogrammet

Bevaringsprogrammet for bergkunst byggjer vidare på Riksantikvarens prosjekt "Sikring av bergkunst - bergkunstprosjektet",  som starta opp i 1996 og blei avslutta i 2005. Bakgrunnen for bergkunstprosjektet var aukande merksemd omkring nedbryting av bergkunsten. Bergkunst er svært utsett for skadar både av naturlege nedbrytingsprosessar og av menneskeleg påverknad. 

Arbeidet i bevaringsprogrammet

Gjennom bevaringsprogrammet blir bergkunsten dokumentert ved hjelp av ulike metodar som for eksempel fotografering, avteikning og tilstandsregistrering. Som ein del av programmet blir det også arbeidd med å utvikle nye dokumentasjonsmetodar. Data om bergkunsten skal gjerast tilgjengeleg i kulturminnedatabasen Askeladden.

For utvalde lokalitetar blir det laga skjøtselsplanar som skal sikre at bergkunsten blir tatt vare på i eit langsiktig perspektiv. I tillegg til vegetasjonsskjøtsel, blir lokalitetane også sikra gjennom andre former for skjøtsel/sikring som frostsikring, vasking og reinsking av bergflatene.

Nokre bergkunstlokalitetar blir også lagt til rette for publikum. I dette arbeidet må ein ta omsyn til både kulturminna og omgivnadane, samtidig som vi forsøker å ta omsyn til prinsipp for universell utforming.