r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Bevaringsprogrammet for fartøy

Målet til bevaringsprogrammet for fartøy er at eit representativt utval bevaringsverdige fartøy skal sikrast.

M/S Granvin frå 1931 er freda av Riksantikvaren. Her frå Sørfjorden i Hardanger. Foto Ragnhild Hoel / Riksantikvaren

Meir enn 200 eldre, norske fartøy har vernestatus gjennom frivillige avtalar med Riksantikvaren, medan 14 fartøy er freda. 

Staten sitt ansvar for fartøyvernet er å ta vare på eit antal fartøy som er representative for den norske maritime kulturhistoria. I utvalet skal fartøy frå ulike tider og ulike delar av landet, med ulike konstruksjonar og funksjonar vere representerte.

Arbeidet i bevaringsprogrammet

Gjennom bevaringsprogrammet for fartøy gir Riksantikvaren økonomiske bidrag til antikvarisk istandsettjing og vedlikehald av freda og verneverdige fartøy. Dei fartøya som er freda vert høgast prioriterte.                         

Det er også viktig å sikre kompetansen innanfor handverk som trengs for å ta vare på gamle fartøy. Dette blir gjort på tre nasjonale senter for fartøyvern; Nordnorsk fartøyvernsenter og Båtmuseum, Hardanger fartøyvernsenter og Bredalsholmen Dokk og fartøyvernsenter.

Fartøyvernsentra har som hovedoppgave å utføre større oppdrag med dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy, og å dokumentere og videreføre maritime handverkstradisjonar.

Gjennom bevaringsprogrammet for fartøy gir Riksantikvaren også støtte til stillinger for dokumentasjon og andre fellestjenester som fartøyvernsentra er pålagde å ivareta.

Tilskot til fartøy i 2017