r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Ruinar

I Noreg er det om lag 100 ruinanlegg frå mellomalderen. Dei fleste er kyrkjeruinar, men det finst óg ruinar etter klosteranlegg og borg- og festningsanlegg. Dei fleste ruinane finn vi i Oslo og på Austlandet, men det er også mange på Vestlandet og i Trøndelag.

Halsnøy kloster i Kvinnherad, Hordaland. Foto: Arve Kjersheim, Riksantikvaren

Kva er ein ruin?

Med ein ruin meiner vi restane etter anlegg bygd av stein eller tegl lagt i kalkmørtel, og som er frå før reformasjonen (1537).

Korleis oppstår ein ruin?

Det kan vere fleire årsaker til at ein ruin oppstår, og til at det som for eksempel ein gong var ei staseleg steinkyrkje etter ei tid har blitt ein overgrodd steinhaug.

Sidan det i denne samanhengen handlar om ruinar frå mellomalderen, kan reformasjonen i seg sjølv ha vore ein viktig utløysande faktor. Då tenkjer vi gjerne først og fremst på dramatiske hendingar som brann og plyndring. Slike hendingar har nok funne stad, men som oftast var nok årsaka til at forfallet starta at bygningane gjekk ut av bruk eller blei brukt til andre ting.

Bygningsstein var også verdifullt som materiale. Stein vart derfor ofte henta ut frå anlegg som ikkje lenger var i bruk, både for vidare bruk lokalt og for eksport. Ser du godt etter på grunnmurar og låvebruer, kan det godt hende at du finn delar frå ei gammal kyrkje eller eit kloster der.

Ein europeisk byggetradisjon

Med kyrkja kom den europeiske byggetradisjonen med stein lagt i kalkmørtel også til Noreg. Tre var likevel det rådande byggematerialet gjennom heile mellomalderen. Berre eit mindretal bygningar vart oppført i stein, og dei fleste av dei var knytte til byane.

Det var kostbart å oppføre ein murbygning. Stein skulle brytast i steinbrota og fraktast til byggeplassane, kalk skulle brytast, brennast og leskast, handverkarar skulle i arbeid og lønnast, bygningsstein skulle utformast og utsmykkast. Det var berre institusjonar og enkeltpersonar med sterk økonomi som kunne gjennomføre slike byggetiltak.

Samanlikna med andre land i Europa, har vi derfor svært få byggverk frå mellomalderen.

Bevaringsprogrammet for ruinar

Ettersom det er få byggverk frå mellomalderen i Noreg, er det spesielt viktig å ta vare på dei restane vi har.

Gjennom Bevaringsprogrammet for ruinar ynskjer Riksantikvaren å sikre og gjere eit utval av ruinane tilgjengeleg for publikum. 

Les meir om bevaringsprogrammet for ruinar her.

Bruk av mellomalderruinar

Mellomalderruinar er automatisk freda, og dei er svært utsette for skade og slitasje. Men det er også ynskjeleg at desse kulturminna skal kunne brukast til arrangement av ulike slag. Det er viktig at bruken blir tilpassa både type ruin, tilstand og omgivnader, og at ein tek omsyn til dette under planlegging, gjennomføring og oppfølging av dei ulike arrangementa.

Bruk av mellomalderruinar blir regulert av kulturminnelova § 3 om forbod mot inngrep i automatisk freda kulturminne:

Ingen må – uten at det er lovlig etter § 8 – sette i gang tiltak som er egnet til å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne eller fremkalle fare for at dette kan skje.

Korleis søkje om bruk av mellomalderruinar?

Bruk søknadsskjemaet "Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne" og send søknaden til Riksantikvaren på e-post: postmottak@ra.no eller i brev til: Riksantikvaren, Postboks 8196 Dep, 0034 Oslo.

Enkelte mindre arrangement krev ikkje dispensasjon og ein treng ikkje søkje. Dette kan ein få avklart ved å vende seg til Riksantikvaren.

I Miljøhandboka for festivaler og utearrangement kan du lese meir om søknadsprosess og gjennomføring av arrangement tilknytt mellomalderruinar.

Bevaringsprogrammet for ruinar

Korleis søkje om bruk av mellomalderruinar?

Bruk søknadsskjemaet "Søknad om løyve til inngrep i automatisk freda kulturminne".

Send søknaden til Riksantikvaren:
e-post: postmottak@ra.no 
brev: Riksantikvaren, Postboks 8196 Dep, 0034 Oslo

Film

Sjå filmen Stein på stein: om steinbygningene i middelalderbyens Bergen (YouTube).

Filmen er produsert i samarbeid med Arkikon, Riksantikvaren og Byantikvaren i Bergen.

Månadens kulturminne