Prosjekter og satsinger
Kulturminne i kommunen
Målet med KIK-prosjektet er å styrke kompetansen om kulturmiljø i kommunane og få betre oversikt over verneverdige kulturmiljø. Prosjektet legg til rette for dette gjennom arbeid med kommunale kulturmiljøplanar og auka kompetanse om bruk og forvaltning av kulturmiljø i kommunane. Riksantikvaren tildeler tilskot frå stasbudsjettet til dette arbeidet og samarbeider tett med regionalforvaltinga for å vegleia kommunane.
Bakgrunnen for prosjektet
I tidlegare Stortingsmeldingar har det vore ei målsetting å redusere tapet av verneverdige kulturminne. Eit av tiltaka for å få til dette var å få betre oversikt over verneverdige kulturmiljø i kommunane og dermed redusere tapet av desse. Det blei lagt vekt på styrking av den kommunale kompetansen på kulturmiljøfeltet, og på kor viktig det er at kommunane skaffar seg oversikt over verneverdige kulturminne gjennom arbeidet med kulturmiljøplanar.
I den siste Kulturmiljømeldinga til Stortinget «Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken — Engasjement, bærekraft og mangfold» fekk vi nye nasjonale mål:
- Alle skal ha moglegheit til å engasjere seg og ta ansvar for kulturmiljø
- Kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging
- Eit mangfald av kulturmiljø skal tas vare på som grunnlag for kunnskap, oppleving og bruk
Ein vidareføring av satsinga Kulturminne i kommunane er eit viktig tiltak for å nå desse nye måla, der ei styrking av den kommunale kompetansen på kulturmiljøfeltet og fokus på utarbeiding og rullering av kulturmiljøplanar er sentrale oppgåver.
Gjennom dette arbeidet;
- får innbyggarane ein moglegheit til å engasjer seg i sine lokale kulturminne og kulturmiljø
- blir politikarane oppmerksame på at ei god kulturmiljøforvaltning bidrar til berekraftig utvikling gjennom heilskapleg samfunnsplanlegging
- vil ei registrering og bevaring av mangfaldet av kulturmiljø kunne gjerast ved å utarbeide ein kulturmiljøplan for kommunen.
Ein kulturmiljøplan gir oversikt og kunnskap
Kommunane er viktige som forvaltarar av kulturminne og kulturmiljø. For å vere best mogleg rusta til forvaltingsoppgåvene, er ein kulturmiljøplan eit viktig verktøy for å prioritere og sikre kulturminne og kulturmiljø i kommunens plan- og byggesaksarbeid.
Ein kulturmiljøplan er kommunen si oversikt over viktige kulturminne og kulturmiljø i kommunen og inneheld ein plan for forvaltinga av desse. Kommunane definerer sjølve kva kulturminne som er verneverdige og som skal inngå i deira kulturmiljøplan. Planen må også innehalde rutinar og retningslinjer som kommunen sjølv skal følgje ved saksbehandling av planar for og tiltak på dei verneverdige kulturminna. Planen vil vere med på å synleggjere denne kunnskapen på tvers av kommunens ansvarsområde.
Ein kulturmiljøplan gir kommunen kunnskap om lokalhistoria og prioriterer kulturminna som ein vil ta vare på for framtida. Gjennom arbeidet med å lage ein kulturmiljøplan får kommunen sett temaet på den politiske dagsorden og aktualisert kulturarven si rolle i samfunnsutviklinga.
Sia kulturminne og kulturmiljø har ei viktig rolle i utviklinga av kommunen er det difor viktig at kommunen både har kompetanse og kapasitet til å sikra kulturminne og kulturmiljø i arealforvaltninga, og samtidig kunne bidra med gode råd og rettleiing til eigarar av freda og verneverdige bygg og anlegg.

Slik kan du gå fram
Det kan være fleire måtar å gå fram på for å lage ein kulturminneplan, sjå rettleiar her.

Søk KIK-midlar
Kommunane kan søke tilskot til utarbeiding av kulturminneplan og kompetansemodell.
Frist for 2023 er 1. mars!
Riksantikvaren sender invitasjonsbrev til fylkeskommunane som vidaresender til kommunane.
Invitasjonsbrev
Spørsmål om KIK?
Ta kontakt på kik@ra.no.
Relevante dokument
Evaluering av Kulturminner i kommunene. Agenda Kaupang
Evaluering av satsingen Kulturminner i kommunene (KIK) – erfaringer fra kommunene, Menon, 2020
Riksantikvaren gratulerer med ferdig kulturminneplan!
Berlevåg kommune
Lyngdal (tidligere Audnedal)
Røros
Vardø
Nord-Aurdal
Os
Smøla
Surnadal
Nyttige lenker
- Askeladden er Riksantikvarens offisielle database over kulturminne og kulturmiljø
- Kulturminnesøk er eit nettsted med informasjon om kulturmiljø, kulturminne og kulturlandskap
- Kulturminnefondet er ein statleg tilskotsordning
- Bygg og bevar – sprer kunnskap om korleis dei gamle husa skal vedlikeholdes og setjas i stand i tråd med bygningens alder, konstruksjon, materialbruk, stil og lokale egenart.
- Miljøstatus viser miljøets tilstand og utvikling i Noreg