r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i desember

Kyrkja som var gjæv nok for kongen

Voss kyrkje, eller Vangskyrkja som ho òg vert kalla, er kledd med udekt mur utvendig. Kleberstein i hjørna av både hovudkonstruksjon, portalar og vindauge er vanleg. Tårnfoten derimot skil seg ut frå andre kyrkjer i området. Foto: Eva Smådahl, Riksantikvaren

Skriv

Vangskyrkja på Voss er ei særeigen mellomalderkyrkje som har trassa tidas tann, fleire istandsetjingar og står som eit høgreist minne over ei svunnen tid.

I møtepunktet mellom fire dalføre på Vestlandet breier Vangsvatnet seg ut. Gjennom ei brei flate nest mellom dalføra, snor elva Vosso om seg og munnar ut i vatnet. Omkransa av høge fjell, dalar, åsar, elv og vatn, står ei stor, høgreist steinkyrkje frå mellomalderen: Voss kyrkje, også kjend som «Vangskyrkja». Kyrkja er å finne ved Voss sentrum i Voss kommune.

Arkivbilete av Voss kyrkje, truleg frå tidleg 1900-tal. Kyrkja er i dag automatisk freda. Foto: Ukjend. Riksantikvaren bildearkiv

Magnus Lagabøte takkar for kyrkja i kongebrev

Etter kristninga av Voss vart kyrkja reist mellom 1250-1280. Det var vossingane sjølve som reiste kyrkja, ca 250 år etter at staden vart kristna av Olav den heilage. Jamfør tidlegare prest, Gert Miltzow(1629-1688), ytra Magnus Lagabøte i eit kongebrev at han var takksam for at vossingane reiste ei kyrkje i stein og ikkje ei i tre, slik det vart gjort mange stadar på Vestlandet på 1100-1200-talet.

Tenk at Magnus Lagabøte heller tykte om ei steinkyrkje, enn alle dei flotte stavkyrkjene i tre, som i dag er så høgt verdsette!

Voss kyrkje ca 1910-1920. Foto: C.A. Erichsen, Riksantikvarens bildearkiv

Med steinkyrkjer i Europa som førebilete

For i samtida, var det ikkje så rart at steinkyrkjer vart føretrekte framfor kyrkjer i tre. Det norske kongesetet såg mot Europa og ville gjerne strekkje seg etter sentral-europeiske ideal, der dei reiste store monumentale gotiske steinkyrkjer. Slik sett skil Vangskyrkja seg ut blant kyrkjene i Hordaland, den var reist som den største mellomalderkyrkja av stein i fylket. 

Uvanleg storleik

Noko av det som gjer kyrkja nokså unik, er at vest-tårnet er bygd med veldig solid og kraftig tårnfot. Storleiken og måten denne bygningsdelen ruvar på, var ikkje vanleg for kyrkjene i Hordaland rundt 1250-1270. Vangskyrkja og kyrkja på Avaldsnes kongsgard på Karmøy var fyrst ute med dette. Kyrkjene vart reist på omtrent same tid, og det kan verke som kyrkja på Avaldsnes kongsgard var eit førebilete for Vangskyrkja.

Særeige tretårn

Tretårnet som enno står, er hevda å vere særs spesielt. Tårnet er bygd med metoden bindingsverk og er samansett av eit kvadratisk underbygg med hjørnetårn, og over ein åttekanta klokkeetasje med spir som er heile 44 meter over bakken. Det storarta tårnet vart mest sannsynleg bygd ferdig på bakken og seinare heist på plass. Både bygginga og reisinga kravde spesiell kompetanse og det er ikkje utenkjeleg at handverkarar kom langvegs for å delta i arbeidet.

Innvendig er det berre alteret i stein som truleg er frå mellomalderen, elles har ein blant andre gjenstandar kunne datere preikestolen til ca. 1650.

I notat frå synfaringar frå 1700-talet vert kyrkja fleire gonger omtala som den flottaste kyrkja i bispedømet.

Koret i Voss kyrkje med innslag frå tidleg engelsk gotisk stil og murverket i veggene er kistemurar i vestlandsk gotisk stil. Foto: Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU).

Korbogen er i kleberstein, og sjølve korskiljet er rikt dekorert med utskjeringar i barokkstil. Foto: Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU)

Tid for restaureringar og istandsettingar

Lovord om kyrkja frå synfaringa ligg ved kyrkjerekneskap i 1721:

”Wangs Hovid Kirche … Er den skiønneste og Største Kirche her udj Stiffted” 

(Kilde: www.norgeskirker.no)

Trass begeistringa for kyrkja vart det likevel mellom 1866-1870 åra gjort store restaureringar og istandsettingar. Dette skjedde sannsynlegvis på kommunen sitt initiativ, etter at dei tok over kyrkja i 1866.

På bakgrunn av alle endringane som vart gjort i denne perioden, samt stor misnøye, vart det i byrjinga av 1900-talet bestemt at mykje av inventaret/interiøret samt vindauga skulle tilbakeførast. Preikestolen vart mala på nytt i tilbakeført renessansestil, og fleire av vindauga vart forsøkt tilbakeførte ved hjelp av gamle teikningar og beretningar.

Utsnitt som viser preikestolen. Foto: Iver Schonhowd, Riksantikvaren

Nesten 750 år gammal møtestad

Kyrkja er særeigen og storslått, samtidig som ho har mange fellestrekk med liknande kyrkjer i stein frå mellomalderen. Som eit naturleg og historisk knutepunkt på Voss, er kyrkja ein viktig møtestad og eit kulturminne for vossingar og tilreisande. Som kyrkjer flest, bind ho saman fortid, notid og framtid.

No før jul samlast store og små til førjulskonsertar og gudstenester. Med orgelmusikk, song og flott kulturhistorie er alle velkomne inn i kyrkja for gode opplevingar, ro og refleksjon.

Kjelder:

Om Voss kyrkje på www.norgeskirker.no

Om Voss kyrkje/Vangskyrkja på www.kulturminnesok.no

Voss kommune, kulturhistorisk stedsanalyse – Voss sentrum, DIVE, 2018

Arne Berg, Voss kyrkje : Vangskyrkjo på Voss. Utgjeve av Voss kommune til 700-års jubileet 1977

Hans-Emil Lidén, Kirkene i Hordaland gjennom tidene. Eide forlag, Bergen 2008

Månadens kulturminne