r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i oktober

Lyngheilandskap, maktsete og handel i leia

Utsyn over Fitjarøyane. Mellom øyane i Fitjar er det små landskapsrom med stadvise sjøbruk og eit snaubeita jordbrukslandskap etter utgangarsauen. Foto: Atle Omland, Riksantikvaren.

Skriv

Fitjarøyane er eitt av dei utvalde kulturlandskapa av nasjonal interesse i Hordaland, med ei rik historie frå steinalder og fram til vår tid.

Landskapet ligg nordvest for Stord, med Selbjørnsfjorden i nord, Midtfjellet i aust, Stokksundet i sør og ope hav i vest. Sjølve leia tek ein forbi Stord og dei mange Fitjarøyane, stader med gode hamner som ligg strategisk plassert.

Kulturminne og rik kulturhistorie

Øyane er låge og lyngkledde. Dei har rikt tilfang av kulturminne som vitnar om den rike kulturhistoria i området. Her er småbruk, torvmyrar, ventestader, naustmiljø og handelsstader. Staden Fitjar har store, dyrkbare område og god tilgang til vatn. Saman med den strategiske posisjonen ved leia gav dette grunnlag for at eit maktsete kunne vekse fram.

Busetnad i området tok til i steinalderen, ved dei mange matrike straumane mellom Fitjarøyane. I bronsealderen busette folk seg lenger aust. Dei første gardane låg i skråningane frå Fitjar sentrum til Rimbareid i sør. Rike funn og storslagne gravrøyser som flankerar leia forbi staden Fitjar, tyder på at det truleg var gardar med stormenn her alt i bronsealderen.

Eit tradisjonelt jordbrukslandskap frå dei ytre stroka. Her finn vi eit småskala landskap med mykje stein, eit problem, men òg nyttig som byggemateriale. Foto: Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune.

Rikt næringsgrunnlag

Busetjinga på Fitjarøyane har i lang tid hatt kombinert næringsgrunnlag av fiske og jordbruk. Lyngbrenning gav beite for utegangarsau,  og torvuttak i myrane gav brensel. På øyer og holmar, ved viker og sund, ligg små bruk.. Landskapet på Fitjarøyane er i dag sterkt prega av denne driftsmåten, og Fitjarøyane er eit av 23 nasjonale referanseområder* for lyngheilandskap.

Skipsleia deler seg i tre i Fitjarøyane: den ytre leia, Nyeleia og Engesundleia. Langs desse ferdselsårene ligg gamle handels-, gjestgjevar- og ventestader. På Gisøya ligg handels- og gjestgjevarstaden Brandasund frå 1600-talet. Fiskehandelen her går truleg langt tilbake i tid.

Hansatid og handel

Ein av dei store marknadsplassane i Hordaland i mellomalderen har truleg vore på Selsøya ved Brandasundet, og stadnamnet Torgjo fortel om ein stad der varer vart selde. Bøndene frå fjellbygdene og indre fjordbygder selde tømmer, huder og skinn, haukar og falkar i byte for fisk, salt og varer frå andre land. Staden var kjent for Hansaskip på veg til Bergen, og er teikna inn på eit hollandsk kart frå 1624.

Engesund er ein av fleire handels- og gjestgjevarstader. Tre ulike skipsleier fører trafikken til sjøs gjennom Fitjarøyane. Foto: Ann Steindal, Hordaland fylkeskommune

Nasjonal interesse 

Lyngheilandskapet som er knytta til småbruka på Fitjarøyane er framståande i nasjonal samanheng og har stor visuell kraft. Handelstadane i Brandasund og Engesund ved leia har stor tidsdjupne. Gravrøysene langs leia vitnar om at Fitjar ein gong var eit maktsete.

Landskapet er sårbart for tett utbygging og oppføring av store bygningsstrukturar nær gravhaugane som viser veg mot Fitjar. Fitjarøyane er sårbare for gjengroing av lyngheilandskapet, og for nye bygningsstrukturar på ulike stader i landskapet.

Teksten er henta frå rapporten* Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland

Les meir om prosjektet Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Utforsk Fitjarøyane på Kulturminnesøk

Månedens kulturminne

Hver måned plukker Riksantikvaren ut et kulturminne som vi synes fortjener litt ekstra oppmerksomhet, eller som har en spennende historie knyttet til seg.

Les flere "Månedens kulturminne" her.