r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i juni

M/S Hvaler – ei maritim stjerne

"Hvaler" ligg i dag på Isegran ved Fredrikstad, som også vil vere båtens heimehamn i framtida. Foto: Stiftelsen D/S Hvaler.

Skriv

M/S «Hvaler» er i dag einaste attverande lokalruteskip frå austlandskysten frå 1800-talet.

Skipet er eit unikt stykke kystkultur. For å forstå dette, må ein sjå på historia og omkringliggjande faktorar, for det var inga sjølvfølge at Hvalersamfunnet utanfor Fredrikstad skulle få eit tilbod med lokalruteskip mellom øyene på slutten av 1800-talet.

Ser ein ut frå både geografi og demografi på Sør- og Austlandet, har desse områda historisk sett lege mykje betre til rette for jarnbaneutbygging enn for eksempel på Vestlandet og i Nord-Noreg. I takt med at jernbanen åt seg fram nedetter begge sidene av Oslofjorden på denne tida, vart ruteskiptrafikken nedbygd, og mange av båtane selde til Vestlandet der lokalskipstrafikken framleis var i ekspansjon.

Berre i nokre få område på Sør- og Austlandet overlevde enkelte lokalskipsruter fram mot vår tid. Som til dømes ved Fredrikstad, der Hvalerøyene danna eit kystlandskap med mange busette øyer utan vegsamband og med stor turisttrafikk om sommaren.

Ein typisk lokaldampar

I 1892 vart D/S «Hvaler» levert frå Fredrikstad Mekaniske Verksted til Fredrikstad-Hvalerøenes Dampskibsselskab. «Hvaler» var ein typisk lokaldampar frå siste del av 1800-talet. Skipet gjekk gjennom mange ombyggingar, med stadige små og store moderniseringar i forsøk på å halde tritt med tidas krav. Slike små lokale dampskipsselskap dreiv oftast på ein økonomisk knivsegg, der draumen om nybygg som regel måtte vike for realitetar som tilsa at ein måtte bøte på det ein hadde.

"Hvaler" på tidleg 1900-talet. Foto: Riksantikvarens arkiv.

Det originale målebrevet  frå 1893 viser at dei første eigarane av skipet var " Fredriksstad - Hvaler Dampskibsselskab". Kilde: Stiftelsen D/S Hvaler.

Tallause reparasjonar

I 1948 fekk «Hvaler» dampmaskina bytta ut med ei moderne dieselmaskin. Det var eit stort økonomisk løft for selskapet, og resten av båten fekk i hovudsak vere som før. Men maskina sikra at «Hvaler» kunne sigle vidare gjennom enno nokre generasjonar, og til og med bli påkosta ein radar i 1968.

Lokalbåtar var bygde med tanke på å gjere teneste i 20-30 år, men mange av dei vart gåande i fleire generasjonar, og vart opplevde som ein del av landskapet i sine rutedistrikt. Tallause reparasjonar og ombyggingar heldt «Hvaler» i drift i heile 84 år! 

Men i 1976 vart «Hvaler» omsider innhenta av tida. Frå sjø til land var datidas samferdslepolitiske mantra, og no hadde bru- og ferjetida kome til Hvalerøyene også.  

"Hvaler" til kai ved Glomma mek. Ukjend datering. Foto: Riksantikvarens arkiv.

Stiftelsen D/S Hvaler

Etter nokre år med opplag og forfall gjorde ein forsøk på å setje «Hvaler» i stand att. Først som øvingsskip for Østfold maritime skule, seinare som fartøyvernprosjekt. Etter fleire forsøk i ulik regi vart skipet i 1993 kjøpt av Stiftelsen D/S Hvaler, som sette skipet i hus på land for ei gjennomgripande og tidkrevjande restaurering. All innreiinga vart demontert og skroget strippa ned til stålet, for arbeidet måtte bokstaveleg talt starte frå botnen av.

Riksantikvaren kom på bana med rettleiing og støtte for å sikre austlandskystens einaste attverande lokalruteskip frå 1800-talet.

Sikker framdrift

I dag er «Hvaler» komen på sjøen att, og denne sommaren håpar ein at restaureringa kjem så langt at maskina kan prøvekøyrast. Om det også blir ein teknisk prøvetur, får tida vise.

Arbeidet med innreiinga er snart ferdig, nytt båtdekk er montert og arbeidet med maskina går raskt framover. El-installasjonar og arbeid med brannsikring er starta, og salongane, mast og rigg blir bygd opp att.

M/S Hvaler har siste året fått tilskot frå både lokale og nasjonale instansar. Stiftelsen D/S Hvaler arbeider nå med dei første driftsplanane og håpet er at skipet kan setje kursen mot Hvalerøyene att i 2020. Då er det over 40 år sidan sist.

Kjelder:

Delar av denne artikkelen stod i Riksantikvarens magasin «Alle tiders» 2017.

Les meir:

Nettsidene til Stiftelsen D/S Hvaler

Månedens kulturminne

Hver måned plukker Riksantikvaren ut et kulturminne som vi synes fortjener litt ekstra oppmerksomhet, eller som har en spennende historie knyttet til seg.

Les flere "Månedens kulturminne" her.