r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Passasjerfartøy mellombels freda

M/S "Fjord Viking", tidlegare "Solundir". Foto: Erik Småland, Riksantikvaren

Skriv

M/S "Fjord Viking", tidlegare "Solundir", er mellombels freda av Riksantikvaren.

Grunnen til den mellombelse fredinga er at M/S "Fjord Viking» står i akutt fare for å bli destruert. Fartøyet har mista sin plass i Trondheim hamn, og har blitt avhenda til opphogging.

Eit vedtak om mellombels freding kan bli fatta dersom eit kulturminne er trua. Den mellombelse fredinga gjeld i eit tidsrom på opp til seks månader. Riksantikvaren treng tid til å undersøke verneverdien til fartøyet. Eventuelt må det finnast finansiering og ein langsiktig eigar til båten.

«Solundir» representerer første generasjon ein-skrogs halvplanande passasjerfartøy av aluminium og er i dag den mest intakte av sin type. Etter å ha tenestegjort mellom Bergen og Ytre Sogn fram til 1990, vart fartøyet seld til Trondheim og fekk namnet «Fjord Viking».

Historikk
Ekspressbåten «Solundir» hadde sin presentasjonstur i mars 1972. Før kunne det ta opptil 20 timar å reise med båt frå Solund til Bergen. Med den nye «Solundir» tok turen berre rundt tre timar.

«Solundir» vart bygd av aluminium hos Westermoen Hydrofoil for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane var eit av pionerselskapa når det gjeld ekspressbåtar i Noreg, og Westermoen var ein innovatør med internasjonalt gjennomslag i utviklinga av moderne hurtiggåande passasjerfartøy.

Mot siste del av 1960-talet fekk vi den første generasjonen hurtiggåande passasjerfartøy som peiker fram mot dagens moderne fartøy. Det er viktig å sikre sentrale døme på denne generasjonen fartøy, både fordi den dokumenterer eit teknisk sprang som i samtida vart opplevd som eit viktig tidsskilje, og fordi desse fartøya dannar grunnlaget for dagens teknologi.