r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

EUs kulturminnepris til Storfjordens Venner

Skageflå. Ein aprildag i snøvêr. Foto: Merete Løvoll Rønneberg, Storfjordens Venner

Skriv

Foreininga "Storfjordens Venner" på Sunnmøre er tildelt EUs kulturminnepris, Europa Nostra Awards 2016, i klassen «Spesiell innsats».

Storfjorden på Sunnmøre er 110 kilometer lang og ender opp i Geirangerfjorden, som står på UNESCO si verdsarvliste. Naturen er einståande, med bratte fjellsider som går  heilt ned  i fjorden.  Terrenget er skogkledt og mange fossar kastar seg utfor bratte stup.

I dette krevjande og vakre området  har Storfjordens Venner teke ansvaret med  å bevare verneverdige bygningar på dei gamle gardane som ligg både nede ved fjorden og høgt oppe i sidene.

Storfjorden Venner vart skipa i 1975. I løpet av desse 40 åra er det lagt ned eit stort frivillig arbeid saman med grunneigarar, for å ta vare på og skape merksemd for området. Til saman er 120 gardshus og uthus restaurerte. Arbeidet er finansiert med eigne midlar og private og offentlege tilskot.

Juryens vurdering
Juryen meiner at “Storfjordens Venner sitt engasjement over lang tid for å ta vare på  kulturlandskapet og den verneverdige lokale arkitekturen i dette vanskelege terrenget, ofte under krevjande forhold, har gjort foreininga veldig fortent til denne EU-prisen”.

Juryen er “imponert over arbeid gjennom  mange år og den store entusiasmen for å ta vare på bygningane,  noko  som vert tydeleggjort ved deira imponerande innsats  for området. Storfjordens Venner har teke hand om denne nesten gløymde arven og trekt den fram att i lyset. Engasjementet deira med å restaurere bygningar langs Storfjorden gjennom å lære tradisjonelt handverk og å arrangere opplærings- og fritidsaktivitetar for besøkande, har gjeve langvarig merksemd til området”, poengterer juryen.

Ospahjellen (nær Eidsdal) ved Norddalsfjorden. Foto: Merete Løvoll Rønneberg, Storfjordens Venner

Om prisen
EUs kulturminnepris/ Europa Nostra Awards  vart etablert i 2002 av EU-kommisjonen i samarbeid med Europa Nostra. Prisen gjer ære på og framhevar dei beste resultata knytte til kulturarv innanfor bevaring, forsking, frivillig innsats, utdanning og kommunikasjon. Les meir her: http://www.europanostra.org/heritage-awards/

Prisutdeling
Prisen vil bli utdelt av EUs kommisær for utdannelse, kultur, ungdom og sport, Tibor Navracsics, og Europa Nostras president, Plácido Domingo, i Madrid den 24. mai.