r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Tilskot til istandsetjing av freda bygg i 2016

Gamle Skudeneshavn. Foto: Karmøy kommune

Skriv

Riksantikvaren har fordelt over 100 millionar kroner til fylkeskommunane. Pengane skal gå til istandsetjing av freda bygningar i privat eige.

─ Å halde dei historiske bygga i god stand er ei investering for framtida. Vi oppmodar også fylkeskommunane til å gi tilskot til freda bygg på sine eigne budsjett, seier riksantikvar Jørn Holme.

Budsjettvinnarar
I Østfold skal ni millionar kroner gå til refundamentering av Kongegården i Halden. Nordland får sju millionar kroner i år. Oppland, Telemark og Hordaland er dei fylka som har flest freda bygg i privat eige. Oppland får 13 millionar, Telemark ni millionar og Hordaland 9,5 millionar kroner i år.

Ein del av pengane skal gå til dei freda kulturmiljøa i Noreg. Dette gjeld òg for kulturmiljøa der freding er undervegs, som Levanger og Skudeneshavn. I tillegg vil det bli fordelt om lag fem millionar kroner til istandsetjing av mellomalderbygg.

Nokre av fylka som blir tildelt mindre beløp, har unytta tildelingar frå tidlegare år. Desse kan òg nyttast til istandsettingsprosjekt i løpet av 2016.

Ta gjerne kontakt med fylkeskommunen for å få informasjon om dei ulike istandsetjingsprosjekta i fylket.

Oversikt over tilskot 2016:

Mottakar Post 71
Tilskot til freda kulturminne i privat eige og kulturmiljø og kulturlandskap
Akershus   3 000 000
Aust-Agder   1 000 000
Buskerud   6 000 000
Finnmark   1 500 000
Hedmark   5 000 000
Hordaland   9 500 000
Møre og Romsdal   5 000 000
Nordland   7 000 000
Nord-Trøndelag   5 000 000
Oppland 13 000 000
Oslo   1 500 000
Rogaland   4 000 000
Sogn og Fjordane   5 000 000
Sør-Trøndelag   5 000 000
Telemark   9 000 000
Troms   2 500 000
Vest-Agder   2 000 000
Vestfold   4 000 000
Østfold 10 000 000
Sametinget   2 000 000