r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Fredingar i 2018

Finnegården på Røros vart freda i 2018. Foto: Linda Herud, Kulturminnefondet

Skriv

Riksantikvaren har freda eit stort tal bygningar og anlegg i 2018.

I mai vart 13 kulturbygg frå ulike delar av landet freda som del av Kulturdepartementets landsverneplan. Blant det som vart freda i 2018 finn vi òg kunstnarheimen Lallakroken og den tidlegare amerikanske ambassaden i Oslo, steinbrotet Store Råholmen i Fredrikstad, butikkinteriøret til den tidlegare tobakksbutikken Reimers i Bergen og romanivillaen i Tysvær i Rogaland. Seks eigedommar i landsverneplanen for Statsbygg vart òg freda, til dømes Blaker skanse i Sørum og Munkholmen i Trondheim.

To kulturmiljøfredingar

I november vart det gamle trehusmiljøet i Levanger freda. Levanger er ein av dei få trehusbusetnadene i Midt-Noreg som er bevart frå åra rundt 1900, og totalt 157 eigedommar i sentrum vart freda. I desember vart Skudeneshavn freda som kulturmiljø. Skudenshavn er eit av Noregs best bevarte trehusmiljø, og fredinga skal sikre dei kulturhistoriske og arkitektoniske verdiane i gater, havnebasseng, brygger, allmenningar, park, hagar og andre grøntområder.

Frå Levanger. Foto: Trond Hattrem, Hattrem AS

Frå Skudeneshavn. Foto: Ørjan B. Iversen

Sjå alle fredingar i 2018 på våre nettsider