r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Ny strategi for arbeid med kulturarv i kommunane

Bakgrunnsfoto: Marit Bendz

Skriv

Riksantikvaren har utarbeidd ein strategi for arbeid med kulturarv i kommunane.

Strategien gjer greie for korleis Riksantikvaren vil prioritere innsats og ressursar i arbeidet retta mot kommunane. Strategien inneheld òg forventningar til korleis fylkeskommunane kan arbeide med kulturminne i kommunane, og gir tilrådingar til kommunane i deira arbeid.

Strategien bygger på erfaringar og resultat frå arbeidet med KIK-satsinga (kulturminne i kommunane), som starta i 2011. Satsinga har involvert alle fylkeskommunane, ei rekke museum, hundrevis av frivillige og ikkje minst politikarar og tilsette i meir enn 350 kommunar.

Strategien er sendt i papirutgåve til alle kommunane, og kan tingast frå Riksantikvaren.

Last ned: Riksantikvarens strategi for arbeid med kulturarv i kommunen 2019-2022