r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Pressemelding

Per Olav Mathiesen og Torbjørn Løland får Riksantikvarens kulturminnepris 2019

Prisvinnarane Per Olav Mathiesen og Torbjørn Løland saman med riksantikvar Hanna Geiran. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren

Skriv

Per Olav Mathiesen frå Rendalen og Torbjørn Løland frå Hyllestad får kulturminneprisen for sitt arbeid for kunnskap om arkeologiske kulturminne.

– Vi er glade for å kunne heidre to prisvinnarar som har lagt ned eit stort friviljug arbeid som har inspirert både unge og eldre: Torbjørn Løland frå Kvernsteinsparken i Hyllestad, og Per Olav Mathiesen frå Rendalen. Gratulerer med prisen! seier riksantikvar Hanna Geiran.

Kvart år går Riksantikvarens kulturminnepris til nokon som har gjort ein særleg innsats for kulturminne. Kulturminneforvaltarar frå heile landet var til stades då riksantikvar Hanna Geiran overrekte prisen til Per Olav Mathiesen og Torbjørn Løland. Prisutdelinga gjekk føre seg i Stavanger, på Riksantikvarens kulturminnekonferanse «Haustmøtet».

Om prisvinnarane

Torbjørn Løland har gjennom 30 år vore drivkrafta i utviklinga av Kvernsteinsparken i Hyllestad i Sogn og Fjordane. Innsatsen hans er særleg knytt til gjenoppdaginga av kvernsteinsbrota i Hyllestad, det største steinbrotslandskapet frå vikingtid og mellomalder i Nord-Europa. Inntil mars 2018 var han formidlingsleiar ved Norsk Kvernsteinsenter ved Musea i Sogn og Fjordane, og var med på å utvikle «Hyllestad-modellen» der skuleklassar kvart år har hatt undervisning i steinbrota. Fleire av dei har seinare fått jobb som omvisarar og formidlarar av historia.

Torbjørn Løland. Foto: Kvernsteinsparken 

Per Olav Mathiesen har inngåande kunnskap om kulturminna i sin heimkommune Rendalen, ein kommune med store utmarksområde og ei interessant kulturhistorie. Han har kartlagt store deler av dei arkeologiske kulturminna i Rendalen, som fangstanlegg, jernvinneanlegg, kullgroper, tjæremiler og buplassar. Alle kulturminna som Mathiesen har funne utgjer ei lokalhistorisk gullgruve, og innsatsen hans har gitt ei oversikt som elles ikkje hadde vore mogleg.

Per Olav Mathiesen. Foto: Hilde Amundsen

Juryen si grunngjeving

Det beste utgangspunktet for eit aktivt kulturminnevern er lokalt engasjement. Begge prisvinnarane har lagt ned eit stort arbeid som initiativtakarar, organisatorar og formidlarar for både unge og eldre.

Per Olav Mathiesen har sørga for at kunnskap om kulturhistorie i skog og fjell blir ført vidare og utvikla. Mathiesen har på frivillig basis kartlagt kulturminne i Rendalen,
spesielt fangstanlegg for rein og elg, men òg jernvinneanlegg, kullgroper, tjæremiler og buplassar. Mathiesen er ei enorm kunnskapskjelde til glede for både fyrsteklassingar og doktorgradsstipendiatar.

Torbjørn Løland har gitt kulturhistoria om stein eit løft i Noreg. Han har brakt internasjonale vitskapsfolk og bygdefolk saman. Med kunnskap som tradisjonsberar og stor entusiasme har han klart å gjere folk i Hyllestad stolte over staden og over den heilt særmerkte kulturhistoria. Det er særleg elevane på skulen som Løland har vist mest merksemd. Kvart år har klasser hatt undervisning i steinbrota og fleire elevar har fått jobb som omvisarar og formidlarar av historia.

Riksantikvarens kulturminnepris

Riksantikvarens kulturminnepris blir delt ut til personar, organisasjonar eller miljø som har gjort ein særleg innsats for:

• bevaring og/ eller restaurering av kulturminne
• formidling av kulturminne, nasjonalt eller regionalt
• bruk/gjenbruk og vedlikehald av kulturminne

Prisen vert delt ut for åttande gong i år, og prisvinnarane får eit kunstverk, diplom og 12.500 kroner kvar.

Tidlegare vinnarar av Riksantikvarens kulturminnepris

Foreningen Gamle Skudeneshavn (2018)
Rindegården i Brevik (2017)
Morten Tranøy og Carl Frederik Thorsager (2016)
Else «Sprossa» Rønnevig (2015)
Hjerleid skole og håndverkssenter (2014)
Johannes Rørtveit (2013)
Geirr Vetti (2012)