r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Vil gjere utgravingsdokumentasjon tilgjengeleg

Foto: Unn Yilmaz@Telemark fylkeskommune

Skriv

Prosjektet Archaeological Digital Excavation Documentation (ADED) vil gjere digital utgravingsdokumentasjon opent tilgjengeleg slik at forskarar, studentar og andre interesserte får fri tilgang. No har prosjektet fått støtte frå Forskningsrådet.

Det er om lag 150 arkeologiske utgravingar kvart år i Noreg. I tillegg kjem registreringar og mindre undersøkingar som vert gjennomført av fylkeskommunane.

Prosjektet ADED vil gjere den digitale utgravingsdokumentasjonen tilgjengeleg for forskarar, forvalting og det allmenne publikum gjennom gode brukargrensesnitt der alle kan søke, få oversikt og laste ned data dei er interesserte i.

Kulturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo er prosjektleiar, og prosjektpartnarar er Arkeologisk museum Universitetet i Stavanger, Universitetsmuseet i Bergen, Universitetsmuseet i Tromsø og Riksantikvaren.

Prosjektet skal gå over tre år og er finansiert av Forskingsrådets løyving til infrastruktur i forskinga.

Les meir på Kulturhistorisk museum sine nettsider

Les meir om tildelinga frå Forskningsrådet på Forskningsrådet sine nettsider