r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månedens kulturminne mars

Barndomsheimen til ein ikkje ukjend forfattar

Dette huset var barndomsheimen til forfattaren Arne Garborg. Her vaks han opp saman med foreldra og åtte sysken. Garborgheimen er eit døme på det karakteristiske jærhuset, og er eitt av svært få og godt bevarte representantar for denne hustypen. Foto: Guro Skjelstad © Riksantikvaren

Skriv

Det karakteristiske jærhuset møter du både i Bondestudentar, Haugtussa og Knudaheibrev frå slutten av 1800-talet. Du har kanskje allereie gjetta kven dette var barndomsheimen til?

Odelsgut med litterære interesser

Arne Garborg, eller Aadne Eivindsson Garborg som han eigentleg heitte, var odelsgut på Garborg. Faren såg føre seg at eldstesonen skulle bli ein føregangsbonde, men Arne hadde andre planar. 16 år gammal flytte han heimanfrå og sa frå seg odelen.

Arne hadde allereie i ung alder vist stor interesse for litteratur, språk og bladarbeid. Og det var dette han skulle vie livet sitt til, både som forfattar, redaktør, journalist og essayist. 

Det karakteristiske jærhuset

Jæren, der Arne Garborg voks opp, er kjend for sitt vêrharde klima. Under dei verste haust- og vinterstormane, kan det vere særs kaldt her. 

Det typiske jærhuset er godt tilpassa dette klimaet ved å liggje lågt i terrenget. Vanlegvis er dei også plasserte i nord/sør-retning slik at ein unngår dei verste vindane i det opne landskapet. Endeskutane vart tidlegare fylt opp med torv i vintermånadene og fungerte dermed som isolerande element.

Kjem du forbi det kvite huset på Garborg, kan du ikkje berre besøke barndomsheimen til forfattaren Arne Garborg, men også sjå eitt av svært få og godt bevarte representantar for det karakteristiske jærhuset.  

Les meir om Garborgheimen på nettstaden til Jærmuseet                           

Sjå fleire bilete av Garborgheimen i Kulturminnesøk

I Kulturminnesøk finn du ei oversikt over kulturminne i Noreg. Her kan du også registrere dine eigne kulturminne.

 Arne Garborg 1903, av Gustav Vigeland

 

Biletet er henta frå Riksantikvarens portrettarkiv: http://portrettarkiv.ra.no                          

Les meir om portrettarkivet på nettsidene våre.