r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Ein gong turisthytte – alltid turisthytte

Snøheim turisthytte er månadens kulturminne i mars. Foto: Hanna Kosonen Geiran © Riksantikvaren

Skriv

Over 50 år etter at Forsvaret tok over turisthytta, er soldatane bytta ut med glade vandrarar på tur. I dag er det ikkje lenger kruttrøyken, men vaffelosen som ligg som eit tåketeppe over området rundt hytta. Snøheim turisthytte er månadens kulturminne i mars.

"Et lite kongesete fra folkeeventyrene, himmelhøyt oppe under Snøhettas mektige rygg."

Slik karakteriserte Halvdan Hydle, formannen i byggjekomiteen, det planlagde anlegget ved foten av Snøhetta på Dovrefjell i ein artikkel i Aftenposten i 1952. At formannen var så begeistra, er kanskje ikkje så rart. Den gongen representerte turisthytta (som da hadde namnet Reinheim) noko av det ypparste når det gjaldt komfort og kvalitet for medlemmene til Den Norske Turistforening (DNT).

På slutten av 1950-talet vart Hjerkinn skytefelt utvida, og Forsvaret tok over hytta. Dermed vart ho også stengt for turistane. I 2007 fekk DNT Snøheim tilbake, og i dag kan medlemmene til turistforeininga igjen oppleve den flotte turisthytta. Ettersom anlegget har vore gjenstand for minimale endringar gjennom åra, gir Snøheim eit unikt tidsbilete frå da ho stod fram som flaggskipet til DNT.

Les meir om Snøheim turisthytte på nettstaden til DNT

Gå til Snøheim turisthytte i Kulturminnesøk

I Kulturminnesøk finn du ein oversikt over kulturminne i Noreg. Her kan du også registrere dine eigne kulturminne.