r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i august

Etne – ei bygd med eit rikt kulturhistorisk landskap

Skriv

I Etne kommune i Sunnhordaland finn du mange arkeologiske kulturminne som vitner om busetting langt tilbake i tid, og korleis menneske til ulike tider har levd og utnytta jorda her.

Jordbruket vart etablert i Hordaland mot slutten av steinalderen, frå om lag 2700 år f.Kr. Etne, som er ein av dei mest grøderike kommunane på Vestlandet, har kulturminne også frå den tida.

Den sentrale delen av bygda Etne ligg nedanfor vide terrasseflater på Grindheim og Stødle. Dei to terrassane og elvesletta har eit rikt jordbrukslandskap. Jordbrukslandskapet er ramma inn av fruktbare åssider opp mot snaufjellsområda, som blir brote opp av dalføra Storedalen og Litledalen.

Godt synlege kulturminne

Skålgroper ved Helgaberg. Dei fleste av ristningane på Stødle er skålgroper. Nokre er store og djupe, andre ganske små. Foto: Arve Kjersheim / Riksantikvaren

I åssidene og på terrassane kan ein mellom anna finne bergkunst som er knytt til jordbruket i eldre tider. Ristningane på Stødle vart omtala første gong i 1862. Den gong vart dei tolka som naturlege merke i berget, men etter kvart vart dei erkjente som ristningar frå bronsealderen (1800 f.Kr.–500 f.Kr.), saman med rundt 350 ringfigurar og skålgroper på Helgaberg. To av dei største gravfelta ligg også på terrassane på Stødle og Grindheim.

Nede på sletta ved elva er det svært mange spor i landskapet etter gravminne og førhistorisk busetnad, og på tydelege høgdedrag i kvar ende av bygda har forsvarsanlegg, slik som bygdeborger, frå eldre jarnalder verna mot åtak utanfrå.

Kulturhistorisk landskap med nasjonal interesse

Dei mange synlege kulturminna i Etne syner korleis menneske på ulikt vis har utnytta dette grøderike området gjennom historia, og korleis landskapet har endra seg til dei vidstrakte jordene som finst der i dag. Alt dette viser korleis landskapet kan vere ei viktig historisk kjelde til kunnskap om fortida.

Sjølv om landskapet er sårbart for mellom anna nybygging og attgroing, noko som vil gjere spora frå tidlegare tider mindre synlege, har Etne enno mange kulturminne som på framifrå vis er lesbare i landskapet. Det er difor eit godt eksempel på eit verdifullt kulturlandskap, også i nasjonal samanheng.

På begge terrassane er det i nyare tid rydda åkrar, og i sørenden av Stødleterrassen er det eit masseuttak. Dette er også ein del av historia om landskapet og jordbruket som har utvikla seg over lang tid til slik det er i dag. Foto: Arve Kjersheim / Riksantikvaren

Kjelder:

  • Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse i Hordaland. Høyringsutkast (2014). Oslo: Riksantikvaren
  • Mandt, Gro og Trond Lødøen (2005). Bergkunst : helleristningar i Noreg. Oslo: Samlaget
  • Mandt, Gro. «Kultsted gjennom generasjoner? Et eksempel fra Etne i Sunnhordland». I: Historien i forhistorien. Festskrift til Einar Østmo på 60-års dagen. Kulturhistorisk museum, skrifter 4, Universitetet i Oslo.