r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månedens kulturminne i mai

Gestapohuset i Bergen – ein frykta stad

Veiten 3 er teikna av bergensarkitekten Ole Landmark. Bygningen ber preg av overgangen mellom nyklassisismen på 1920-talet med streng symmetri og doriske pilastre rundt midtpartiet i første etasje, og modernismen på 1930-talet med det innskote verandapartiet og flatt tak. Foto: Erlend Hofstad, Hordaland fylkeskommune

Skriv

Eit steinkast unna Torgallmenningen ligg «Gestapohuset». Dei som kom hit under krigen vart merka for livet, dersom dei i det heile tatt kom levande ut derifrå.

Frå handverks- og industriforeining til «Gestapohus»

Allereie før bygningen i Veiten 3 sto heilt ferdig, vart han i 1940 overtatt av tyskarane. For okkupasjonsmakta passa det særs bra at dei fann eit nytt bygg som ikkje var tatt i bruk enno, midt i Bergen sentrum, som dei kunne innreie etter sine behov.

Den sivile regionaladministrasjonen på Vestlandet, under leiing av Josef Terboven i Oslo, tok i bruk dei tre nedste etasjane. Fjerde og femte etasje vart det lokale hovudkvarteret til det tyske hemmelege politi (SIPO). Her holdt også GESTAPO (Geheime Staatspolizei) til.

Bergens Haandværks- og Industriforening, som sto bak oppføringa av bygningen, måtte difor vente til etter krigen med å flytte inn her.

Tysk vakt ved inngangen til «Gestapohuset». Foto: ukjent, billedsamlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen, via nettstaden Marcus 

Brutale forhøyr og tortur

I frykt for ein alliert invasjon på Vestlandet, vart mange i regionen tatt inn til forhøyr og torturert i eit forsøk på å få ut informasjon om dette.

I løpet av krigen vart mellom 800 og 900 nordmenn tatt inn til valdelege forhøyr i det som gjekk under namnet «Gestapohuset» i Veiten 3 i Bergen. Ein av dei var Oscar Magnusson, som vart arrestert for illegalt arbeid i 1941.

«(…) Torturen begynte kl. 8 om morgenen og varte i ti timer. Når en gruppe torturister følte seg slitne, ble en ny gruppe satt inn. Da jeg ble båret tilbake på cellen var jeg ødelagt for livet».

Sitat frå artikkelen «Torturert på det grusomste midt i Bergen sentrum», på nettsidene til NRK Hordaland.

Fleire fangar mista livet som følgje av torturen eller ved å ta sitt eige liv, som for eksempel ved å hoppe ut av vindauget for å unngå å røpe viktig informasjon frå motstandsrørsla. Andre vart merka for livet.

Gestapomuseum

Fangecellene i fjerde etasje er nesten ikkje endra etter krigen. I veggene kan ein framleis sjå namnetrekk som fangane har rissa inn. Foto: Ole Vegard Skauge, Hordaland fylkeskommune

«Yngre generasjonar kjenner ikkje så godt til denne historia, kva GESTAPO sto for og kva fridom og diktatur verkeleg vil seie», seier Stein Ugelvik Larsen som er leiaren til Gestapomuseets Forening.

Foreininga arbeider no med å etablere eit museum i Veiten 3. Her vil ikkje berre dei grusomme historiene om kva som skjedde i denne bygningen under den andre verdskrigen bli formidla. Foreininga ønskjer også å trekkje linjer framover ved å sjå på krigsforbrot og bruk av tortur i dag.  

I fjerde etasje finn ein framleis fire celler der GESTAPO gjennomførte dei valdelege forhøyra. Fangecellene er nesten ikkje endra etter krigen, og i veggane kan ein sjå namn som fangane har rissa inn. Saman med cellegangane og tilstøytande rom vil desse cellene spele ei sentral rolle i museet.

Utstillingane vil bli utforma i samarbeid med Bergen senter for elektronisk kunst (BEK), ettersom bruk av lyd og lys vil vere viktige element i formidlinga av den frykta som prega livet her under krigen.

Etter planen skal éi av fangecellene stå klar før sommaren. Når resten av cellene og utstillingane står klare, tørr ikkje Ugelvik Larsen seie. Det kjem mellom anna an på finansieringa.

I samband med Riksantikvarens satsing på kulturminne frå den andre verdskrigen i 2015, fekk Gestapomuseets Forening 200.000 kroner i tilskot til istandsetting av fangecellene.

I dag er Bergen Næringsråd eigar av Veiten 3, der blant anna utestaden Rick’s og ulike private firma held til no. Foto: Erlend Hofstad, Hordaland fylkeskommune

Slik såg «Gestapohuset» ut under den andre verdskrigen. Foto: ukjent, billedsamlinga til Universitetsbiblioteket i Bergen, via nettstaden Marcus

Ordførar i Bergen, Marte Mjøs Persen, held tale ved minnestøtta utanfor Veiten 3 den 9. april 2016. Foto: Ida Dyrkorn Heierland

Kjelder:

Samtale med Stein Ugelvik Larsen, leiaren til Gestapomuseets Forening
Nettstaden til Gestapomuseets Forening
Om Gestapohuset, Veiten 3 i Kulturminnesøk
«Torturert på det grusomste midt i Bergen sentrum». Artikkel frå NRK Hordaland, 8. april 2015