r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månedens kulturminne i juli

Hotell i særklasse

Delar av hotellet som står i dag skriv seg frå 1700-talet, men ombyggingar og moderniseringar har gjeve bygningen eit eksteriør prega av nøktern, men typisk sveitserstilutforming frå andre halvdel av 1800-talet. Foto: Utne Hotel

Skriv

Utne Hotel – ein gjestgjevarstad sidan 1722.

På nordenden av Sørfjorden i Hardanger, rett ved ferjekaien på Utne, finn du eit av Noregs eldste hotell. Hotellet har ei lang og rik historie som går attende til 1722, då det vart gjeve løyve til å drive gjestgjevarstad der.

Utne vart den sentrale handelstaden i indre Hardanger. Hotellet representerer ein glansperiode i norsk turisthistorie, handel og rutefart var knytt til sjøen og det vart oppretta gode handel og gjestgjevarstader i fleire hamner. Utne sentrum er som eit minnesmerke over den tidlege fjordturismen.

Utne Hotel på 1800- talet. Foto: Utne Hotel

Tingstova

Gjestgjevarstaden overtok tinghaldet, og til Utne-tinget kom bønder frå heile distriktet, noko som gav god omsetnad for gjestgjevaren. Tingstova, som ligg rett ved hotellet, finn du på same staden den dag i dag. Handelstaden Utne, tingstova med naustet, hotellet, og fleire naust utgjer kjernen i eit bygningsmiljø som gjer at Utne framleis skil seg ut i landskapet.

Mor Utne

I 1832 kom «mor Utne» til hotellet. Ho styrte hotellet med sterk og venleg hand, og vart værande der i 70 år. Du kan framleis sjå ho sitte med strikketøyet sitt i form av eit bilete på veggen i ei av stovene. Hardanger var eit viktig område for turisme på denne tida, som i dag, og gjesteboka syner namn som Ole Bull, Peter C. Asbjørnsen, Adolph Tidemand og Hans Gude.  Det var likevel ofte dei engelske turistane som dominerte. Og dei kom igjen år etter år. Og det er ikkje vanskeleg å skjøna kvifor når ein ser hotellet og romma innanfor dørene.

Mor Utne i glas og ramme. Foto: Utne Hotel.

Matsal og gjesterom utanom det vanlege

Matsalen er frå 1930, og kan ta pusten frå dei fleste. Her har gjestar delt same bord i ei årrekkje. Tanken var at ein ikkje berre skulle sove og reise tidleg dagen etter, men gjerne vere på Utne over lenger tid og skape kontaktar og venskap som varte livet ut.

I andre og tredje høgda finnes gjesterom, dei er få og kvar enkelt rom er unikt. Møbleringa har eit preg som peikar attende til då hotellet vart ombygd på 1930-talet.

Hotellet har i fleire hundre år bydd på tradisjon og godt stell med omtanke for gjestane. I dag er det som å bu i ei levande historiebok.

Om veggane kunne snakke.. Foto: Gunvor Haustveit, Riksantikvaren

Det er fire freda hotell i Noreg, Utne Hotel er eit av dei. Det finst i tillegg nokre freda hytter/overnattingsstader. Hotellet har vore i kontinuerleg drift sidan 1722 og vart freda av Riksantikvaren i 2006.

Kjelder:
• Riksantikvarens fredingsvedtak, 18. juli 2006
Dehistoriske.no
Utne Hotel sine heimesider