r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Utvalde kulturminne

Hove kyrkje - ei 175-årsgåve av stein

Hove kyrkje vart overrekt Fortidsminneforeningen i september. Foto: Karen Thommesen, Riksantikvaren

Skriv

Hove kyrkje er ei av dei eldste steinkyrkjene i landet. I september fekk Fortidsminneforeningen kyrkja i bursdagsgåve frå Riksantikvaren. Kyrkja er eit eksempel på tidlegare tankegang kring restaurering.

Fortidsminneforenigen fyller 175 år. Eit jubileum som i år markerast over heile landet av frivillige støttespelarar og tilsette. Foreininga si historie løftast fram og Riksantikvaren er også med på feiringa når kulturminnevernets vaktbikkje skal heidrast. Foreininga vart stifta i 1844, blant anna med det spesifikke føremålet å bevare stavkyrkjene våre, som på den tida (tru det eller ei) var truga av riving. Riksantikvaren sin bursdagspresang er difor ei kyrkje.

Kvifor ei kyrkje?

Foreinga får altså Hove kyrkje i gåve av Riksantikvaren. Det er truleg den eldste steinkyrkja i Sogn og Fjordane, og ein av dei eldste steinkyrkjene i landet. Ho vart reist rundt 1170, truleg av ein velståande mann i området. Det passar kanskje ekstra godt at gåva frå Riksantikvaren nettopp er ei kyrkje, sidan kyrkjebygg i si tid var grunnlaget for at foreininga vart stifta.

Hove kyrkje. Teikning frå 1870-1890, Peter Andreas Blix.

Stavkyrkjene, som no reknast som vårt bidrag til verdas arkitekturarv, står framleis takka vere dei. Gåva representerer på mange måtar Fortidsminneforeningen si rolle som forkjempar for vern og formidlar av kulturarv. Dette er også kanskje slik dei fleste kjenner dei i dag.

Vedlikehald frå dag ein

Det mange kanskje ikkje veit er at foreininga også engasjerer seg sterkt for den immaterielle kulturarven, og kanskje spesielt for tradisjonshandverket. I foreininga si første føremålsparagraf kan ein lese at foreininga skal «…opspore, undersøge og vedligeholde norske Fortidsmindesmærker…». Vedlikehald har altså vore viktig frå starten og har kanskje vorte endå viktigare dei seinare åra med moderne byggemetoder, klimautfordringar og modernisering av samfunnet.

Rikt dekorerte takdetaljar. Foto: Harald Ibenholt, Riksantikvaren

Og kven er det som arbeider med vedlikehaldet? Det er handverkaren. Foreininga løftar sjølv fram dyktige handverkarar som har si næring i bygningsvernet. Handverksarbeidene som er gjort på Hove steinkyrkje forteller historia om ulikt syn på vern og vedlikehald gjennom tidene. Både dei originale arbeidene frå middelalderen, restaureringa av Peter Andreas Blix og arbeidene som er gjort i nyare tid for å konservere og bevare kyrkja.

Handverkarane på Hove kyrkje

I Hove kyrkje er det gjort alt frå gjenstandskonservering til restaurering av målararbeider. Peter Andreas Blix kjøpte kyrkja i 1880 og fekk henne restaurert nokre år etter. Han freista å tilbakeføre henne i sitt bilete, og i den forbindelse fekk han produsert fleire nye gjenstandar. Slik ville ein kanskje ikkje gått fram i dag. Kulturhistoria i kyrkja har difor fleire lag, og det er viktig at ein i framtida kan lese historia om kyrkja i sjølve bygningsmassen. Difor er både Blix sine endringar og spora etter mellomalderen verd å ta vare på.

Arbeidsteikningar av dekordetaljar. Foto: Harald Ibenholt, Riksantikvaren 

Det har vore fleire gode krefter i sving på bygget dei seinaste åra. Både frivillige og handverkarar har delteke i restaurering og vedlikehaldsoppgåver. Fortidsminneforeininga forvaltar bygget og saman med eit slags kulturarvens a-lag beståande av frivillige og profesjonelle handverkarar. Slike finnast det mange av mange av kring om i landet.

Gjenstandane er satt i stand og konservert av Bevaringstenestene frå Museumssenteret i Hordaland. Det er også gjort arbeider med veggdekoren i kyrkja og det har blitt produsert sjablonger av den eksisterande dekoren. Målararbeida er gjort av Kjell Arne Aarseth og Bent Erik Myrvoll.

Styreleiar Margrethe C. Stang i Fortidsminneforeningen og riksantikvar Hanna Geiran med gavebrevet som syner at Hove kyrkje no har skifta eigar. Foto: Karen Thommesen, Riksantikvaren

Kyrkja vart overrekt til Fortidsminneforeningen den 15. september.

Les pressemelding her