r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i desember

Lita, men stor nok

Undredal stavkyrkje er månadens kulturminne i desember. Foto: Marcin Kalinski

Skriv

"En ældgammel og liden stavkirke". Slik er Undredal stavkyrkje vorte skildra, og det med rette.

Dei fleste tenkjer på brune tjærekledde praktbygg av ein viss storleik med utskårne portalar og søylepryd når dei tenkjer på stavkyrkjer. Slik skil Undredal stavkyrkje i Aurland kommune i Sogn og Fjordane seg ut frå den norske stavkyrkjefamilien. 

Undredal stavkyrkje er den minste stavkyrkja i Noreg, berre om lag 50 kvadratmeter. Frå utsida ser ho ut som ei kvit lita kyrkje. Ja, mest som ei vanleg kyrkje i miniatyr, med spissbua, småruta vindauge og stakittgjerde rundt. Våpenhuset stikk rett ut i vegen som går heilt inntil. Inne er det 40 sitjeplassar som framleis er i bruk. 

Skipets stavkonstruksjon og takverk er i hovudsak bevart, med ei kyrkjeklokke frå mellomalderen. Elles er det att lite synleg stavkonstruksjon og spor frå mellomalderen. Kyrkja er seinare vorte måla og dekorert oppgjennom ulike tidsepokar. Undredal stavkyrkje vart truleg bygd i 1147.

Nummerering på veggplankane vitnar om at kyrkja vart teken ned og sett opp att, kanskje vart ho flytta frå ein annan stad. Så kan ein sjå for seg denne vesle stavkyrkja som ligg der og ljoser opp i kvit desemberprakt. Eller kva med å sjå ho for seg i ei anna årstid, slik som i dette diktet av Jo Eggen:

Stillheter, Undredal stavkirke*

Spor i de vestre hjørnestavene
gaper opp enda en vegg
et enda mindre rom
men er stillheten mindre?

En rødbrun firkant
som det ikke helt modne
røde stikkelsbæret
som hang ut over veien

Stillheten er den samme
og flere: villbringebær,
epler, hasselkratt, rognebær

Geitemjølk i den ene enden
og Paris i den andre
og vannet imellom
vannet i vannet 

Det var ikke noe bestemt
det var å puste stillheten
som hadde stort nok rom

Inn i å lese
inn i å få vite
inn i fjorden
glir noe ikke noe

 *Frå samlinga Stavkirkedikt (2010). Diktet er attgjeve etter løyve frå forfattaren.

Stavkyrkjene – bygningsarv frå mellomalderen

Opphaveleg var det over 1000 stavkyrkjer i Noreg. I dag er det berre 28 att. Dei fleste finn vi i den indre delen av Austlandet og i Sogn. Stavkyrkjene er ansett for å vere av dei ypparste byggverka som er skapt innanfor kulturområdet vårt. Dei er òg eineståande i europeisk samanheng.

Det er dei berande stavane i veggkonstruksjonen som har gjeve stavkyrkjene namnet. Stavane er plasserte i hjørna og ved andre viktige berande knutepunkt i bygningane.

Alle dei norske stavkyrkjene er freda. Urnes stavkyrkje står på UNESCOs verdsarvliste.

I 2001 starta Riksantikvaren eit systematisk arbeid med å setje i stand stavkyrkjene. Arbeidet blir ferdigstilt i 2015.

Kjelder:

  • Anker, L. & Havran J.: De norske stavkirkene (2005).
  • Eggen, Jo: Stavkirkedikt (2010).

 

Undredal stavkyrkje er den minste stavkyrkja i Noreg med 40 sitjeplassar. Foto: Leif Anker / Riksantikvaren