r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

«Nogen dyr aftegnet i et berg»

Skriv

For om lag 100 år sidan høyrde fjellklatraren Kristian Bing rykte om «nogen dyr aftegnet i et berg» ved Frøysjøen i Vingen i Sogn og Fjordane. Han var truleg ikkje klar over at han var på sporet av eitt av dei største helleristningsfelta i Nord-Europa.

Det er mogleg at innbyggjarane i Vingen visste om helleristningane langt tidlegare, utan at dei såg nokon grunn til å gjere noko stort nummer ut av det. Så det var først da Bing publiserte ein artikkel om funnet i tidsskriftet Oldtiden i 1912, at feltet vart kjend for omverda. Dette vart starten på eit omfattande registerings- og dokumentasjonsarbeid, som har resultert i avdekkinga av over 2 200 ristningar i Vingen og området rundt. 

Mange ulike motiv

Men kva seier denne bergkunsten om menneska som budde her da helleristningane vart laga for over 6 000 år sidan? I Vingenfeltet finn ein mange ulike typar ristningar, som for eksempel motiv som førestiller hjortar, slangar, hundar, menneske og meir abstrakte figurar.

Ei tolking av hjorten, som er blant dei mest dominerande motiva, er knytt til trua på at ristningane ville gi eit godt jaktutbytte. Nyare tolkingar legg derimot større vekt på hjorten som eit fruktbarheitssymbol enn på jaktmagi, og på at Vingen kan ha vore eit større seremonielt senter i steinalderen.