r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Månadens kulturminne i juni

Steinvikholm – slott, steinrøys og ærverdig ruin

Steinvikholm i Trondheimsfjorden. Foto: Karin Axelsen, Riksantikvaren.

Skriv

Menneska er borte, men ruinen på Steinvikholm står den dag i dag, og vitnar om ei tid med maktkamp og strid.

På 1500-talet var Steinvikholm slott, som ligg i Trondheimsfjorden utanfor Stjørdal, arena for nokre av dei viktigaste politiske og religiøse omveltingane i noregshistoria.

I kamp og strid

For den katolske erkebiskopen Olav Engelbrektsson var reformasjonen ein trugsel. Han fekk bygd Steinvikholm i perioden ca. 1525-30, som eit forsvarsanlegg i kampen om å halde den norske kyrkja katolsk og hevde norsk sjølvstende. Det var bitter strid mellom kyrkje og konge, og ikkje minst kamp om overherredømmet i dei nordiske landa. Erkebiskopen var ein sentral figur i denne maktkampen. Steinvikholm skulle vere ein trygg skanse og fem meter breie murveggar skulle beskytte mot fiendar. Men det heldt ikkje lenge.

Det var ein «slagen» erkebiskop som forlot Steinvikholm i 1537. Danskane tok over og dei komande åra hadde slottet ulike bruksområde. Berre knappe 50 år etter at det fyrst vart teke i bruk, vart Steinvikholm tatt ut av bruk og overlaten til seg sjølv.

Konservering med dynamitt

Fortidsminneforeningen kjøpte Steinvikholm for nokre skarve hundrelappar  på 1800 - talet. Da var dette storslåtte byggverket sterkt endra frå den tida da Olav Engelbrektsson rådde grunnen. Anlegget hadde vore herja av brann, stein hadde vorte fjerna og brukt til andre anlegg. Det såg mest ut som ei steinrøys. Ja, det var rett og slett eit slott i sterkt forfall, som trengte ei beskyttande hand over seg.

Frå slutten av 1800-talet og gjennom heile 1900-talet vart det gjennomført større konserveringsarbeid på Steinvikholm,  med ulike metoder og ymse resultat. Mellom anna vart det brukt dynamitt for å fjerne gamalt murarbeid frå tidlegare konserveringsarbeid på 1960-talet! Ein særs lite skånsom framgangsmåte kan vi si i dag.

Konservering i hatt og dress på Steinvikholm frå slutten av 1800-talet. Fotograf: E. Olsen, Riksantikvaren.

Konservering med stødig kalkmørtel

Steinvikholm er under kontinuerleg konservering i dag, og diverse sikringsarbeid blir gjort både innvendig og utvendig. Mellom anna blir sement etter tidlegare restaureringar fjerna, og erstatta med kalkmørtel. Den fleksible kalkmørtelen gjer at steinen ikkje blir knust når muren og grunnen beveger seg ved tele og frost.

Anlegget består av fire samanhengande bygningsfløyer. Kanontårn i to av hjørna som omkransar den firkanta borggarden skulle beskytte mot fiendar med ildvåpen. I 2009 vart rote treverk skifta ut, og taket på dei to kanontårna Vanntårnet og Bonden fekk kopartak. Foto: Karin Axelsen, Riksantikvaren.

Bevaringsprogram for ruinar

Riksantikvaren har eit eige bevaringsprogram for ruinar. Konservering, skjøtsel  og tilrettelegging av dei største ruinanlegga i landet blir prioritert i programmet. Det same blir ruinar som engasjerer folk i lokalmiljøet sterkt. Sidan oppstarten i 2006 er 20 anlegg ferdig konservert. Med “ferdig” meiner vi at dei er sette i stand slik at dei berre treng vanleg ettersyn og vedlikehald. Ein må likevel rekne med enkelte større tiltak framover også på dei anlegga som no blir sett på som ferdige. For tida er tolv ruinanlegg under restaurering. Steinvikholm er eitt av desse.

Les meir om Bevaringsprogrammet for ruinar på nettsidene til Riksantikvaren.

Les meir om Steinvikholm på Wikipedia.

Les meir om Steinvikholm på Kulturminnesøk.