r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

M/S Granvin freda

M/S Granvin. Foto: Ragnhild Hoel, Riksantikvaren

Skriv

Med fredinga av M/S Granvin vert ein viktig representant for Noregs maritime kulturarv teke vare på. Skipet er eit av særs få attverande bilferjer i Noreg frå tida då bilferdsla og utbygginga av eit moderne vegsystem enno var i emning.

M/S Granvin vart bygd for passasjer- og bilføring i det viktige riksvegsambandet mellom aust- og vestlandet gjennom indre Hardanger, og er difor også ein av våre eldste riksvegferjer. Skipet vart bygd på Mjellem & Karlsen verft i Bergen i 1931 og gjekk i drift for Det Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap fram til 1987.

Ferja kunne frakte 150 passasjerar og føre tre bilar på dekket tvers over fjord og sund. Ettersom trafikken auka raskt gjennom Hardagner, vart M/SGranvin erstatta av eit større skip i 1938, men heldt fram med lokalruter i indre Hardanger og tok med bilar når det var nødvendig.

M/S Granvin køyrde same rute fram til 1987. Da vart rutetrafikken i indre Hardanger lagt ned etter opninga av tunell- og vegsambandet mellom Granvin og ferjeleiet i Bruravik. Året etter tok Veteranskipslaget Fjordabåten over ferja. Laget starta arbeidet med å restaurere M/S Granvin og bygde ho om til ei bilførande ferje, slik som ho var i utgangspunktet.

Den 9. april 1940 vart M/S Granvin rekvirert til troppetransport for norske soldatar. Blant anna sette skipet i land norske troppar i Ulvik før tyske okkupantar gjekk til åtak på staden.