r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

M/S «Vestgar» freda

M/S "Vestgar". Foto: Erik Småland, Riksantikvaren

Skriv

M/S «Vestgar» frå 1957 er vårt mest intakte farty av sjøbusstypen, og trafikkerte last- og passasjerruta mellom Øygarden og Bergen. No er fartyet blitt freda av Riksantikvaren.

M/S «Vestgar» var ein av dei mange «sjøbussane» som fornya ruteskipsflåten etter krigen, då motorskipa avløyste dampskipa. I dei nye båtane tok dieselmaskina mindre plass og gjorde det mogleg å ha store lyse salongar med seterader langs store glas i overbygget. No vart det slutt på å stue ferdafolket saman i små mørke salongar under dekk. Dette var mange stader siste generasjon sjøtransport før vegane tok over som hovudferdselsåre. 

Historikk

M/S «Vestgar» vart levert frå P. Høivolds Mek. Verkstad i Kristiansand i 1957 til Øygardsbåtane L/L. «Vestgar» gjekk frå Bergen til Norøysund, siste utpost nord i Øygarden kommune. I 1979 vart fartyet seld til Pinsemenigheten Filadelfia i Oslo og vart misjonsskip under namnet «Fredsbudet». I 2007 vart selskapet Øygardsbåtane reetablert og Vestgar kjøpt tilbake til fartsområdet som veteranskip. Mange frivillige har i åra etter lagt ned eit stort arbeid med restaurering av skipet, og oppnådde i 2012 å få attende passasjersertifikatet. «Vestgar» vart tildelt status som verna skip i 2008, og skal gjennomgå ei restaurering tilbake til slik skipet var i perioden då det var i drift. 

Freding av farty

Riksantikvaren kartlegger dei sentrale skipstypane for å kunne frede utvalde farty. I perioden 2011-2013 har vi kartlagt passasjerskip. Kategorien omfattar alt frå små hamneferjer via mindre båtar i mjølkeruter til havgåande skip. Frå før har Riksantikvaren freda to passasjerskip: Innlandsskipet D/S «Skibladner» (1856) vart freda i 2006, og hurtigruteskipet M/S «Nordstjernen» (1956) vart freda i 2012. Fredinga skal ikkje vere til hinder for vidare drift av fartya.