r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Gamle Vossebanen

Veteranjernbanen Gamle Vossebanen hadde ei sentral rolle i samferdsla på Vestlandet. Ho vitnar om den teknologiske utviklinga innan jernbanen gjennom nesten 100 år.

Stasjonsbygninga på Garnes. Foto: Ståle Arfeldt Bergås

Vossebanen

Vossebanen, jernbanestrekninga mellom Voss og Bergen via Garnes, er den eldste delen av Bergensbanen.

Arbeidet med banen vart starta i 1875, og åpna i 1883. Sidan den gongen har det skjedd store endringar innan jernbaneteknologien, som Vossebanen ber preg av i dag.

Banen har infrastruktur og jernbanetrasé både frå tida som smalspora, normalspora (1904), dobbeltspora (1954) dampdriven og elektrifisert (1964) jernbane.

Gamle Vossebanen

Gamle Vossebanen er veteranjernbanen mellom Garnes og Midtun, på den delen av Vossebanen som vart lagt ned då tunnelen gjennom Ulriken vart teken i bruk.

Veteranjernbanen går gjennom fjordlandskapet, nær sjø og vatn på den eine sida og bratte fjellsider på den andre.

Krevjande terreng langs banen. Foto: Ståle Arfeldt Bergås, Riksantikvaren

Jernbanestrekninga kom inn i eit samferdslenett der vegar, postvegar og fjordbåttrafikk var etablerte ferdslevegar. Ingen andre jernbanestrekningar i Noreg kan i dag vise til denne kombinasjonen mellom tog- og båttransport.

I dag er Gamle Vossebanen nærmast urøyvd av den teknologiske utviklinga i dei siste 50–60 åra. Det blir framleis køyrt med damptog her, spora har tresviller og banen har manuelt signalsystem.

Gamle Vossebanen er den einaste freda veteranjernbanen på ei hovedlinje, og er ein del av Jernbaneverket sin verneplan.

Veteranjernbanen og Norsk jernbaneklubb

I 1994 starta køyring med veterantog på Gamle Vossebanen opp. Dei første toga køyrde mellom Garnes og Arna gamle stasjon, men etter kort tid vart togruta forlenga til Midttun, slik at Gamle Vossebanen i dag er den 18 kilometer lange strekninga mellom Midttun og Garnes.

Norsk Jernbaneklubb starta restaureringsarbeidet på banen i 1981, og fram til sommaren 2014 var det brukt 240.000 dugnadstimar på museumsbanen. Det er etablert eit aktivt og levande miljø rundt veteranjernbanen.

Frå togstallen. Uten vedlikehald - inget veterantog. Foto: Ståle Arfeldt Bergås, Riksantikvaren

Fredinga omfattar

Heile strekninga frå Tunestveit til Midttun er freda, totalt 21,4 kilometer. Dette inkluderer også Garnes stasjon som vart freda i 2002. Denne strekninga på Gamle Vossebanen er eigd av Jernbaneverket.

Fredinga skal ivareta  bygningar, stasjonar, holdeplassar, plattformer, gjerder med meir, som er ein del av anlegget på strekninga.

Føremålet med fredinga

Gamle Vossebanen er ein representant for NSB og jernbanen i eit vestnorsk fjordlandskap der også dampbåttrafikken og postvegane var ein del av samferdsla.

Gamle Vossebanen viser ei heilskapeleg jernbaneteknisk utvikling over fleire år som kombinerer vestlandsk fjordlandskap med ingeniørkunst på ein unik måte.