r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Forum kino

Då Forum kino i Bergen sto ferdig i 1946, var dette den største frittliggande kinobygniga i Skandinavia. Kinoen er eit markant eksempel på funksjonalisme og art deco-arkitektur i Noreg.

Forum kino i 1996. Foto: Birger Lindstad, Riksantikvaren

Kino som del av nytt bysentum

Kronstadtorget var tenkt som eit nytt bysentrum etter at landkommunen Årstad vart innlemma i Bergen by i 1915. Torget skulle ha nye funksjonar som butikkar, apotek, folkebibliotek og kino.

Bygningane på Kronstadtorget vart oppførte i åra 1938-40 som ein del av denne utbyggingsplanen. Bygginga av kinoen vart starta i 1939 og bygninga sto ferdig som eit råbygg då krigen kom i april 1940. Først i oktober 1946 sto kinoen ferdig og kunne bli innvigd.

Etter krigen vart Kronstadtorget døypt om til Danmarksplass.

Forum kino ca. 1950. Dei runde formene er typiske for funksjonalismen medan fronten er art deco-inspirert. Foto: Norvin Reklamefoto, Universitetsbiblioteket i Bergen

Kulturminnet på Danmarksplass

Bergen Kinematografer sikra seg tomta i 1937, og eit første utkast for bygget vart levert av arkitekt Landmark same år. I åra etter vart utkastet revidert fleire gonger fram til den endelege teikninga som er datert i september 1939 var klar. 

Den trapesforma tomta danna eit naturleg «amfi» med ei stigande side langsetter gata mot nord. Denne utforminga har vore bestemmande for korleis arkitekten ga bygninga den unike utsjånaden ved å framheve fasaden på inngangspaviljongen som eit naturleg blikkfang.

Fasaden til Forum kino med si spesielle lyssetting er påverka av dei store kinopalassa i Europa, og er dermed eit eksempel på internasjonal mote som også vart teken i bruk i Noreg.  

Kinoen er i dag ein av dei få kinoane frå perioden der interiøret er nærmast intakt.

Kinosalen på Forum hadde 1140 sitteplassar og var den største i Noreg. Foto: Norvin Reklamefoto, Universitetsbiblioteket i Bergen

Arkitekten

Forum kino er teikna av arkitekt Ole Landmark (1885-1970). Han var saman med markante arkitektar som Egill Reimers, Frederik Konow Lund, Kristian Bjerknes og Per Grieg, ein del av «Bergensskolen» i mellomkrigstida.

Forum Kino er rekna som hovudverket til Landmark, og er også eit hovudverk innan norsk funksjonalisme. 

Les meir om arkitekten på Wikipedia

Omfanget av fredinga

Fredinga omfattar kinoen med det integrerte folkebiblioteksbygget. Dessutan fire benkar frå vestibylen som er lagra i bygninga, og to bronseurner på steinsokkel i vestibylen. Desse høyrer til det opphavelege inventaret i vestibylen.

Føremålet med fredinga

Føremålet med fredinga er å ta vare på Forum kino som eit arkitektonisk og kulturhistorisk viktig eksempel på ein kinobygning frå 1930- og 1940-åra og som eit arkitektonisk verdfullt eksempel på art deco-prega monumental arkitektur i Noreg.

Som eit lysande fyr i mørket! Forum kino ca 1950. Foto: Norvin Reklamefoto, Universitetsbiblioteket i Bergen

Se flere historiske bilder av Forum kino i Universitetsbibliotekets bildesamling