r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Nasjonalt seminar om kyrkjeklokker

Dato: 28. mai 2018 09:30 - 29. mai 2018 13:30
Sted: Aurdal menighetshus og Valdres Folkemuseum
Påmeldingsfrist: 1. mai 2018 00:00
Kirkeklokke. Foto: Riksantikvarens arkiv

Bli med på det fyrste nasjonale seminaret for kyrkjeklokker i Aurdal og på Fagernes i Valdres.

Under seminaret tek ein temperaturen på aktuelle problemstillingar i kyrkjeklokkemiljøet, både historisk og med tanke på framtida. Seminaret blir ein kombinasjon av føredrag med innleigde føredragshaldarar og ei praktisk tilnærming gjennom prøving av kyrkjeklokker og innføring i ulike ringeteknikkar og ringetradisjonar.

Målgruppe

Målet med seminaret er å auke medvitet og den generelle kunnskapen om klokketradisjon og ringing hjå kyrkjeleg tilsette, fellesråd og sokneråd, i kommunane og på lærestadene ved universiteta, men òg hjå folk flest med interesse for kyrkjeklokker og kulturarv.

Påmeldingsfrist: 1. mai

Påmelding og program, sjå under.

Program kyrkjeklokkeseminar 2018