r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Bergkunst

Skriv

Bergkunst er førhistoriske bilete som er hogde, slipa eller måla på berg. Bergbilete i Noreg er opptil 9000 år gamle og finst som helleristingar, slipte bergbilete på bergflater og lause steinar, og som måleri i hòler og heller.

Rein frå Hjemmeluft i Alta. Foto: Lene Bårdseng, Riksantikvaren

Det finst bergkunst i Noreg i alle landsdelar. Kunsten er hovudsakleg frå steinalder og bronsealder/tidleg metalltid. Det er registrert meir enn 1700 lokalitetar med bergkunst i Noreg, og om lag 31 000 figurar. Eitt av desse områda har og fått verdsarvstatus: Bergkunsten i Alta.

Helleristingar og holemåleri er eit uttrykk for fortidige menneske si oppfatning av verda og plassen dei hadde der. Dette er ein kulturskatt som flest mogleg burde få høve til å oppleve, men bergkunsten er òg svært utsett for skadar gjennom naturlege nedbrytingsprosessar og menneskeleg påverknad. Riksantikvaren er opptatt av å sikre eit representativt utval av bergkunstlokalitetar, og arbeider med eit bevaringsprogram for bergkunst.

Helleristingar

Helleristingar er den vanlegaste forma for bergkunst. Det er bilete som er hogde eller rissa inn i bergflater og lause steinar. Vi er van til å sjå helleristingar malt med raud farge. Den raude målinga er påført i vår tid for at bergkunsten skal vera lettare å sjå, men dette har ein gått bort frå no ettersom ristingane kan verte skada av målinga. Målinga gjer det også umogleg å oppleva bergkunsten på naturleg vis der skiftande ljosforhold gir liv til bileta.

Det finst to typar helleristingar: jordbruksristingar og veideristingar. Motiv i begge grupper kan opptre både åleine og i scener og komposisjonar.

Jordbruksristingane blir fyrst og fremst datert til bronsealderen (ca. 1800-500 f. Kr). Desse ristingane finst i større eller mindre grad over heile landet, men sjeldan i den nordlegaste delen. Bileta syner mellom anna båtar og skip, menneskeliknande figurar, fotblad, dyr (oftast hest og hund), geometriske figurar, vogner, tre, menneske som bærer våpen og skålgroper. Skålgroper er det motivet det finst flest av. Motiva på jordbruksristingane gir assosiasjonar til eit samfunn der menneska i hovudsak dreiv med husdyrhald og åkerdyrking.

Veideristingane blir datert til steinalder. I store delar av landet dekker dette perioden frå ca. 10 000 - 1800 f.Kr., mens steinalderen i dei nordlegaste fylka strekkjer seg ned til 500 f.Kr. Dei finst i hovudsak på Vestlandet, i Midt-Noreg og i Nord-Noreg. Bileta syner mellom anna rein, elg, bjørn, fisk og båtar. Motiva gir assosiasjonar til samfunn med ein økonomi og ei livsform som bestod av jakt, fangst og sanking.

Hole- og hellemåleri

Hole- og hellemåleri er langt mindre vanleg enn helleristingar. Dei kan vere mellom 2000 og 4000 år gamle. Holemåleria finst langs kysten mellom Leka i Nord-Trøndelag og Lofoten i Nordland, medan hellemåleri finst noko meir spreidd.

Motiva er relativt einsarta og stiliserte, og strekforma menneskefigurar målt i raud farge dominerer i hòlene. Hellemåleria har òg andre motiv slik som dyr og geometriske figurar. Bileta i hòlene er ofte målt der ljoset ute møter mørket inne.

Relatert informasjon