r r r

Riksantikvaren logo Riksantikvaren

Gå til hovedinnholdet

Fartøyvernet og dei frivillige

Skriv

Stadig fleire blir opptekne av den maritime kulturarven vår, og det norske fartøyvernet kviler på ein omfattande frivillig innsats med drift og vedlikehald. Dugnadsinnsatsen held historia levande og tilgjengeleg for nye generasjonar.

Fleire tusen frivillige langs heile kysten og langs vannvegane i innlandet legg årleg ned langt over 130.000 dugnadstimar og bidreg til at vi har så mange godt bevarte, flytande kulturminne i Noreg. Ikkje berre er dugnadsarbeidet viktig for å ta vare på kulturarven, men i tillegg samlar dette folk i alle aldrar i alle delar av landet og skapar viktige sosiale møteplassar.

Samferdselshistorie, veteranbåtar og Vestlandet

Veteranbåtane er ein vesentleg del av samferdselshistoria vår. Dei fortel mykje om livet langs kysten og i fjordane i tida etter 1850, og korleis desse båtane vart ei livsnerve for folket der. Ei stor mengd lokalt eigde ruteselskap var etablerte og kjølstripene etter hundrevis av lokalbåtar vevde landet saman og la til rettes for utvikling og velstand. Den freda lokalrutebåten M/S «Granvin» er eit framifrå døme på desse.

M/S «Granvin» vart bygd i 1931 som bilførande lokalbåt i det viktige riksvegsambandet mellom Aust- og Vestlandet gjennom indre Hardanger, og er difor også ei av våre eldste riksvegferjer. Men ruta omfatta også ei rekkje veglause grender undervegs mellom endestoppa. Først i 1987 fekk desse bilveg, og «Granvin» vart seld etter 56 år i rute – heldigvis til ein frivillig organisasjon som no tek godt vare på henne.

Møt dei frivillige som arbeider med vedlikehald av M/S Granvin i filmen over, «Dar kjem Dampen – om fartøyvern og frivillighet».

Les meir om M/S Granvin på kulturminnesok.no og på heimesida til Veteranskipslaget Fjordabåten

M/S «Granvin» i Sørfjorden i Hardanger. Foto: Ragnhild Hoel / Riksantikvaren

Les Riksantikvarens strategi om frivillighet.